Betre utdanning for ei berekraftig framtid Strategi 2020–2024

    Forord

    Diku - Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning – vart oppretta 1. januar 2018. Diku vart oppretta som ein del av omorganiseringa av kunnskapsforvaltninga i Noreg, ved at Senter for internasjonalisering av utdanning, Norgesuniversitetet og Program for kunstnarleg utviklingsarbeid vart slått saman. Det nye direktoratet har også fått tilført ei rekke nye oppgåver.  

    Tittelen på strategien er den same som visjonen til Diku: Betre utdanning for ei berekraftig framtid. Utdanning er nøkkelen for å sikre individ og samfunn kunnskap og ferdigheiter for ei berekraftig utvikling. Strategien vektlegg område som er spesielt viktige for norsk utdanningssektor framover, og område der Diku sine val og prioriteringar vil påverke utvikling av verkemiddel og kunnskap. FN sine bærekraftmål er den globale ramma for samfunnsutvikling fram mot 2030, og desse vil også prege arbeidet til Diku i strategiperioden.  

    For å lukkast i arbeidet vårt er det avgjerande at me har eit godt samarbeid og ei tydeleg arbeidsdeling med andre etatar under Kunnskapsdepartementet. Samarbeidet med NOKUT, Unit, Kompetanse Norge og Forskingsrådet er særleg viktig i denne samanhengen.  

    I august 2019 inviterte Diku til innspelsmøter med eksterne representantar. Saman med innspel frå organisasjonen sjølv, og andre verksemder me samarbeider tett med, dannar dette grunnlaget for strategien. Me takkar for alle gode innspel og tilbakemeldingar undervegs.

    Samfunnsoppdrag

    Diku skal bidra til utvikling av kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning, og til styrka internasjonalt samarbeid og utveksling i heile utdanningsløpet.

    Hovudoppgåver

    • Utvikle, styrke og forvalte Diku sine kvalitetsprogram og andre verkemiddel for kvalitet på vegne av departement og andre aktørar.  
    • Fremje internasjonalt utdanningssamarbeid og -mobilitet i heile utdanningsløpet, og styrke Noreg som attraktivt samarbeids- og studieland internasjonalt.  
    • Vere det nasjonale programkontoret for internasjonalt utdannings- og opplæringssamarbeid og eit nasjonalt kompetanse- og informasjonssenter for internasjonalisering i heile utdanningsløpet.  
    • Stimulere til utforsking og utnytting av digitalisering i læring og vurdering i høgare utdanning.  
    • Utgjere ein samlande arena for kunstnarleg utviklingsarbeid, og bidra i utviklinga av kvalitet og kompetanse i institusjonar som tilbyr skapande og utøvande kunstutdanning.  
    • Styrke kunnskapsgrunnlaget innan arbeidsområdet til Diku og gi kunnskapsbaserte råd og innspel til politikkutvikling.  
    • Kommunisere med, gi råd til og spreie god praksis i utdanningssektoren, arbeidslivet og andre relevante målgrupper.  

    Målgrupper

    Diku si verksemd rettar seg mot ei rekkje målgrupper:  

    • Norske utdanningsinstitusjonar, frå barnehagar til universitet og høgskular 
    • Elevar og studentar  
    • Lokale og regionale utdanningsstyresmakter 
    • Arbeids- og næringsliv  
    • Styresmakter og organisasjonar  

    Roller

    Diku utøver sine oppgåver i utdanningssektoren først og fremst gjennom tre ulike roller med tilhøyrande verkemiddel: forvaltarrolla, kunnskapsrolla og pådrivar- og rådgjevarrolla.    

    Forvaltarrolla: Diku forvaltar store økonomiske verkemiddel for norsk utdanningssektor. Diku brukar kunnskap og samarbeid for å utvikle relevante verkemiddel for norsk utdanningssektor, og for å fremje synergi mellom nasjonale og internasjonale ordningar.  

    Kunnskapsrolla: Diku bidrar til å styrke kunnskapsgrunnlaget om tilstand, kvalitetsutvikling og internasjonalisering i utdanningssektoren. Diku samarbeider med utdanningssektoren for at kunnskap, erfaringar og beste praksis blir systematisert, gjort tilgjengeleg og tatt i bruk.   

    Pådrivar- og rådgjevarrolla: Diku er ein pådrivar for endring og utvikling i utdanningssektoren. Diku gir råd til Kunnskapsdepartementet og andre styresmakter om behov for og utvikling av ulike verkemiddel. Diku gir råd til utdanningsinstitusjonar om kvalitetsutvikling, innovasjon i utdanning og internasjonalisering.  

     

    Innsatsområde 2020–2024

    Endringskompetanse og samfunnsengasjement

    Kva: Diku skal vere ein pådrivar for at utdanning i aukande grad gir kompetanse for både å handtere endring og ta aktiv del i eit samfunn som står overfor store utfordringar.  

    Kvifor: Samfunnet og arbeidslivet er i rask endring, og det vert stilt nye krav til den enkelte. Utdanning er nøkkelen for å sikre individ og samfunn kunnskap og ferdigheiter for ei berekraftig utvikling.  Utdanning skal også bidra til personleg utvikling for enkeltindivid, og ruste dei til aktivt medborgarskap i eit mangfaldig samfunn. Dei globale utfordringane verda står ovanfor må løysast gjennom internasjonalt samarbeid. 

    Korleis

    • FN sine berekraftsmål skal legge føringar for innhald og innretning i Diku sine ordningar. 
    • Diku sine verkemiddel skal stimulere samarbeid på tvers av fag, disiplinar, næringar og sektorar. 
    • Diku sine verkemiddel skal heve den digitale kompetansen hos studentar og undervisarar. 
    • Diku sine verkemiddel skal stimulere til bruk av aktive læringsformer, der studentar, forskarar, undervisarar og samfunnsliv saman bidrar til å løyse utfordringar. 
    • Diku skal styrke ‘den norske modellen’ for kunstnarleg utviklingsarbeid og vidareutvikle den nasjonale forskarskulen for skapande og utøvande kunstfag. 
    • Diku skal fremje internasjonalt samarbeid og mobilitet for auka kvalitet i utdanninga og formidle kunnskap om slikt samarbeid.  
    • Diku skal utvikle og formidle kunnskap om korleis internasjonalt samarbeid og utveksling fører til endringskompetanse, aktivt medborgarskap og interkulturell kompetanse. 
    • Diku skal utvikle og formidle kunnskap om korleis internasjonalt samarbeid kan bidra i arbeidet med kjerneelementa og tverrfaglege tema i læreplanen for grunnopplæringa.  

     

    Livslang læring

    Kva: Diku skal bidra til at utdanningssektoren kan tilby livslang læring som dekker behova til enkeltmenneske og arbeidslivet. 

    Kvifor: Dagens arbeidsliv stiller krav til at arbeidstakarane kontinuerleg tileignar seg ny og oppdatert kompetanse. Endringane i arbeidslivet utfordrar måten utdanningane er organisert på, og høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning må utviklast i et livslang lærings-perspektiv.  

    Korleis: 

    • Diku skal i samarbeid med utdanningsinstitusjonane, partane i arbeidslivet og andre aktørar bidra i arbeidet med utvikling av fleksible utdanningstilbod av høg kvalitet.  
    • Diku sine verkemiddel skal stimulere til utvikling av nettbaserte tilbod for at fleire skal få tilgang til utdanning.  
    • Diku sine verkemiddel skal bidra til å styrke samhandling mellom utdanning og arbeidsliv.  

     

    Undervisnings- og vurderingspraksis

    Kva: Diku skal vere ein pådrivar for å forbetre og fornye undervisnings- og vurderingspraksis i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.  

    Kvifor: Fagleg sterke undervisarar med kunnskap om kva som gir god læring, og med ei forskingsbasert tilnærming til eiga undervisning og vurdering, bidrar til gode læringsmiljø. Medverknad og engasjement frå studentane styrker undervisnings- og læringsprosessen. Gjennom å løfte kvaliteten på og status for undervisning og læring vert læringsutbytet til studentane styrka, og samfunnet vert rusta for framtida. 

    Korleis: 

    • Diku skal arbeide for at undervisning og læring vert sett på som like viktig som forsking, og for at utdanningskvalitet er noko som vert skapt i et fellesskap mellom undervisarar, studentar, utdanningsleiarar og støttemiljø. 
    • Diku skal utvikle robuste ordningar for høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning som gir rom for at fagmiljøa kan drive pedagogisk utviklingsarbeid. 
    • Diku sine verkemiddel skal fremje undervisnings- og vurderingspraksis som aukar læringsutbytet til studentane og elevane.  
    • Diku skal fremme utforsking og utnytting av digital teknologi for å leggje til rette for god undervisning og vurdering. 
    • Diku skal bidra til auka kunnskap om god undervisnings- og vurderingspraksis og i samarbeid med andre aktørar stimulere til meir deling av undervisningsressursar, resultat og kunnskap. 

     

    Styrka utdanningskvalitet gjennom Erasmus+

    Kva: Diku skal mobilisere til auka deltaking frå alle relevante målgrupper i den nye programperioden for Erasmus+. Deltakinga skal bidra til auka kvalitet gjennom heile utdanningsløpet.  

    Kvifor: Erasmus+ er eit viktig verkemiddel for styrking av utdanningskvaliteten i Noreg. Programmet skaper dialog og samarbeid på tvers av landegrenser og bidrar til å styrka norsk konkurranseevne og innovasjonskapasitet. I 2021 startar ein ny programperiode. Programmet vil truleg bli vesentleg større enn i dag og innehalde satsingsområde som inkludering, mangfald, klima og miljø.  Som nasjonalkontor for Erasmus+ skal Diku vere pådrivar for at Noreg nyttar programmet best mogeleg.  

    Korleis:  

    • Diku skal arbeide for brei nasjonal, regional og lokal forankring av Erasmus+.  
    • Diku skal mobilisere og kvalifisere nye søkarar og arbeide for auka mangfald av deltakarar i programmet.  
    • Diku skal utvikle kunnskap om effektane av programmet og legge til rette for deling av resultat.   
    • Diku skal vere en pådrivar for at norske deltakarar brukar programmet som eit verkemiddel for grøn innovasjon og for å nå FN sine berekraftsmål. 
    • Diku skal gi kunnskapsbaserte innspel til norske styresmakter og Europakommisjonen for å sikre at programmet er brukarvenleg og samtidig svarer på behova i norsk sektor. 

    Gode og berekraftige tenester

    Kva: Diku skal inkludere berekraftsperspektivet i vår forvaltning og kunnskapsutvikling, og bidra til målet om ein berekraftig utdanningssektor. Diku skal vere en god og attraktiv arbeidsplass, der vi kontinuerleg utviklar og forbetrar tenester og fornyar arbeidsformer. Vi skal utvikle god styringsinformasjon og gjere tydelege prioriteringar.  

    Kvifor: Diku skal arbeide for å tilby digitale og brukarvenlege tenester, samtidig som vi skal redusere klimaavtrykket frå verksemda vår. Diku skal innfri forventingar til styrka innsats på fleire område, innanfor strammare økonomiske rammer.  

    Korleis: 

    • Diku skal arbeide for gode rammevilkår for sektoren sitt arbeid med utdanningskvalitet og internasjonalisering.  
    • Diku skal sikre at alle våre tenester er brukarvenlege og forankra i brukarane sine behov gjennom strukturar for samarbeid med sektoren, studentorganisasjonane, partane i arbeidslivet og andre interessegrupper. 
    • Diku skal samarbeide med relevante offentlege myndigheiter om utvikling av tenester. 
    • Diku skal utvikle innovasjonskompetanse og -kultur i organisasjonen. 
    • Diku skal gjennom digitalisering tilby meir effektive arbeidsprosessar og tenester.  
    • Diku skal setje konkrete mål for reduksjon av eige klimaavtrykk. 

     

    Verdiar

    Open  

    • Vi er inkluderande og søker mangfald og nye perspektiv.  
    • Vi inviterer til samarbeid og er lyttande og interesserte.  
    • Vi er rause og deler kunnskap, informasjon og erfaringar.  

    Kunnskapsdriven 

    • Vi gir råd og handlar basert på kunnskap.  
    • Vi er profesjonelle og pålitelege.  
    • Vi er kritisk reflekterande og søker ny kunnskap.  

    Nytenkande  

    • Vi skaper endring med verdi for samfunnet og den enkelte.  
    • Vi er kreative og pådrivarar for utvikling.  
    • Vi er engasjerte og handlekraftige.

     

    Last ned PDF