EØS-midlane Student- og tilsettmobilitet til/frå Latvia

Er du interessert i etablere eller styrke utdanningssamarbeid med Latvia? Det blir no lyst ut kring 1.5 millionar Euro til mobilitet av  studentar og tilsette mellom Noreg og Latvia.

Søknadsfrist: 12. april 2021 innen kl 12:00

    Kven kan søkje?

    Norske universitet og høgskular kan delta som prosjektpartnar – innan alle fagområder. Institusjonar som allereie inngår i prosjektsamarbeid med Latvia, Litauen og Estland, finansiert av det baltiske forskingsprogrammet i EØS-midlane, the Baltic Research Programme, vert særskilt oppfordra til å også delta i mobilitetsprosjekt.

    Merk at det alltid er den latviske partnaren som er prosjektkoordinator og som difor er formelt ansvarleg for å søkje.

    Kva kan det søkast støtte til?

    Mobilitetsprosjekt som omfattar både studentar (3-11 mnd) og både akademisk og administrativt tilsette (1-4 veker) mellom norske og latviske høgare utdanningsinstitusjonar. 

    Desse prosjekta skal ha ein varigheit på anten 12, 24 eller 30 månadar, og kan starte allereie i tredje kvartal i 2021. Kvart einskilde prosjekt kan søkje om mellom 10 000 og 200 000 euro.

    Slik søkjer du


    Det er den latviske prosjektkoordinatoren som er ansvarleg for å søke om prosjektmidlar under kvar utlysing. Vi oppfordrar likevel alle interesserte aktørar i Norge til å kontakte relevante aktørar i Latvia om dei har ein mogleg prosjektidé, og vidare å involvere seg i søknadsprosessen.

    Vi anbefaler alle som vurderer å delta i eit prosjekt finansiert av EØS-midlane til å sette seg inn i kva dette inneberer. Les vår FAQ for norske prosjektpartnarar her.

    Slik rapporterer du

    Det er alltid din latviske partnar som er formelt ansvarleg for rapportering. Som norsk partnar vert du difor lite belasta med administrasjon og rapportering i prosjektet, med mindre du ynskjer ein aktiv rolle i desse oppgåvene. Det er likevel venta at du engasjerer deg i søknadsprosessen og gjennomføringa av prosjektet. Det er viktig at eventuelle krav til di deltaking, finansiell kompensasjon og rapportering vert inkludert i ein partnarskapsavtale før prosjektet vert iverksett. 

    Les meir om partnarskap i EØS-midlane.

    Mer om EØS-midlane

    EØS-midlane finansierer prosjektsamarbeid og mobilitet mellom norske skular og utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partar i ein rekke land i Sentral-, Øst- og Sør-Europa. Det overordna målet med ordninga er å bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, og samtidig styrke relasjonane og samarbeidet mellom Noreg og samarbeidslanda. Midlane kan brukast fram til april 2024.

    Kvart av dei europeiske programlanda har eit unikt fokus og innretning, men aktivitetar kan mellom anna bestå av:

    • Prosjektsamarbeid på alle utdanningsnivå
    • Samarbeid og partnarskap gjennom kopling av utdanning, forsking, og arbeidsliv
    • Trainee-ordningar, lærlingordningar og praksis
    • Student- og elevmobilitet
    • Mobilitet av faglege- og administrativt tilsette
    • Studiebesøk
    • Ungt entreprenørskap
    • Intensive program

    Midlane vert forvalta av ein programoperatør i kvart av samarbeidslanda (tilsvarande Diku si rolle for tilsvarande utdanningsprogram i Noreg) som lyser ut, vurderer og tildeler midlane. Diku har eit særskilt ansvar for å gjere mogleikane kjent i norsk utdanningssektor, leggje til rette for mest mogleg deltaking frå Norge, samt være ein fagleg støttespelar for den einskilde programoperatør.

    Les meir om utdanningssamarbeid gjennom EØS-midlane.

    Andre relevante lenker 

    Kontakt

    Konkrete spørsmål om utlysingar, søknad, tildeling og prosjektgjennomføring må rettast til den latviske programkoordinatoren, og vidare til programoperatør. Kontaktinformasjon er oppgitt i utlysinga.

    Andre generelle spørsmål om programmet og eventuelle utfordringar knytt til forhandling og samarbeid kan rettast til: eeanorwaygrants@diku.no

    Aktuelt om EØS-midlane: Student- og tilsettmobilitet til/frå Latvia