EØS-midlane Utdanningssamarbeid med Estland

Ønskjer du å ta del i eit prosjekt som har til hensikt å forbetra studiekvaliteten og styrke kompetansen til studentar og tilsette i eit internasjonalt miljø? Midlar vert no lyst ut til samarbeid med estiske utdanningsinstitusjonar.

Søknadsfrist: 10. mai 2021 innen kl 15:00

    Kven kan søkje?

    Høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, og andre relevante aktørar kan delta som partnar i prosjekta. Merk at det alltid er den estiske partnaren som er prosjektkoordinator og som difor er formelt ansvarleg for å søkje. 

    Utlysinga er open for alle fagområder, men institusjonar som har vore eller er involvert i forskingsprosjekt finansiert av the Baltic Research progamme (i alle dei tre baltiske landa) vert særskilt oppmoda om å søkje.

    Hva kan du søkes støtte til?

    I denne utlysinga lyser Estland totalt ut 400 500 euro til to typar prosjekt: Mobilitetsprosjekt og institusjonelt samarbeidsprosjekt innan høgare utdanning. Av midlane er 150 000 euro øyremerka mobilitetsprosjekt, men midlane kan reallokeras til samarbeidsprosjekt viss det ikkje blir mottatt tilstrekkeleg med søknader om mobilitet.

    1. Institusjonelt samarbeid i høgare utdanning

    Utlyste midlar skal brukast til samarbeidsprosjekt mellom norske og estiske høgare utdannings institusjonar for å:

    • Utvikle pensum,
    • utvikle læringsverktøy og undervisningsmetodar,
    • skape strukturar som legg til rette for mobilitet (mobilitetsvindauga),
    • styrke samsvaret mellom innhaldet i høgre utdanning og behova i arbeidsmarknaden.

    Det er obligatorisk for prosjektpartnarane å gjennomføre minst ein felles aktivitet i prosjektet. Det kan til dømes vera intensivkurs, seminar, workshop eller liknande. Alle aktivitetar må gjennomførast i Noreg eller Estland.

    Samarbeidsprosjekta kan innehalde korttidsmobilitet for akademisk og administrativt tilsette for å utveksle erfaringar og kompetanse, samt for studentar såframt desse er knytt til relevante aktivitetar i prosjektet.

    Prosjekta skal ha ein varigheit på mellom 12 og 24 månadar. Kvart prosjekt kan søkje om mellom 10 000 og 150 000 euro.

     

    2. Mobilitetsprosjekt i høgare utdanning

    Mobilitetsprosjekta har til hensikt å styrke kompetansen til tilsette i eit internasjonalt miljø. Det gis støtte til to type mobilitetar:

    1. Mobilitet for tilsette til og frå Noreg

    Mobiliteten skal legge til rette for gjesteforelesing ved ein partnarinstitusjon. Tilsette som tek del i mobiliteten må undervise minimum 5 undervisningstimar per uke. Mobilitetsprosjekta kan ha ein varigheit på opp til 4 veker (pluss reisedagar). Det er tilrådd at mobiliteten varer i minst 5 dagar, men dette er ikkje et krav.

    2. Mobilitet for tilsette frå Estland til Noreg

    Mobiliteten skal legge til rette for at fagpersonar og administrativt tilsette ved høgare utdanningsinstitusjonar i Estland kan delta i opplæring, kurs eller tilsvarande ved ein partnarinstitusjon i Noreg. Opplæringsaktivitetane kan omfatte t.d. jobbskygging, undervisning og workshop/konferanse. Mobilitetsprosjekta skal ha ein varigheit mellom 3 dagar og 4 veker (pluss reisedagar).

    Reise- og opphaldsutgifter og levekostnader knytt til mobilitetsprosjektet vert refundert til deltakarene i prosjektet. Lønskostnadar er ikkje inkludert. Meir informasjon er å finne i søkarmanualen knytte til utlysinga.

    Kvart einskilde prosjekt kan søkje om mellom 500 euro og 150 000 euro.

    Slik søkjer du

    Det er den estiske prosjektkoordinatoren som er ansvarleg for å søke om prosjektmidlar. Vi oppfordrar likevel alle interesserte aktørar i Norge til å kontakte relevante aktørar i Estland om dei har ein mogleg prosjektidé, og vidare å involvere seg i søknadsprosessen. 

    Utlysingsdokumenta kan du laste ned frå den estiske programoperatøren si side. 

    Vi rår alle som vurderer å delta i eit prosjekt finansiert av EØS-midlane til å setje seg inn i kva dette inneber. Les vår FAQ for norske prosjektpartnarar.

    Slik rapporterer du

    Det er alltid din estiske partnar som er formelt ansvarleg for rapportering. Som norsk partnar vert du difor lite belasta med administrasjon og rapportering i prosjektet, med mindre du ynskjer ein aktiv rolle i desse oppgåvene. Det er likevel venta at du engasjerer deg i søknadsprosessen og gjennomføringa av prosjektet. Det er viktig at eventuelle krav til di deltaking, finansiell kompensasjon og rapportering vert inkludert i ein partnarskapsavtale før prosjektet vert iverksett.

    Les meir om partnarskap i EØS-midlane her 

    Meir om utdanningssamarbeid gjennom EØS-midlane EØS-midlane

    EØS-midlane finansierer prosjektsamarbeid og mobilitet mellom norske skular og utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partar i ein rekke land i Sentral-, Øst- og Sør-Europa. Det overordna målet med ordninga er å bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, og samtidig styrke relasjonane og samarbeidet mellom Noreg og samarbeidslanda.  Midlane kan brukast fram til april 2024.

    Kvart av dei europeiske programlanda har eit unikt fokus og innretning, men aktivitetar kan mellom anna bestå av: 

    • Prosjektsamarbeid på alle utdanningsnivå 
    • Samarbeid og partnarskap gjennom kopling av utdanning, forsking, og arbeidsliv 
    • Trainee-ordningar, lærlingordningar og praksis 
    • Student- og elevmobilitet 
    • Mobilitet av faglege- og administrativt tilsette 
    • Studiebesøk 
    • Ungt entreprenørskap 
    • Intensive program 

    Midlane vert forvalta av ein programoperatør i kvart av samarbeidslanda (tilsvarande Diku si rolle for tilsvarande utdanningsprogram i Noreg) som lyser ut, vurderer og tildeler midlane. Diku har eit særskilt ansvar for å gjere mogleikane kjent i norsk utdanningssektor, leggje til rette for mest mogleg deltaking frå Norge, samt være ein fagleg støttespelar for den einskilde programoperatør. 

    Les meir om utdanningssamarbeid gjennom EØS-midlane her 

    Andre relevante lenker  

     Kontakt 

    Konkrete spørsmål om utlysingar, søknad, tildeling og prosjektgjennomføring må rettast til den estiske programkoordinatoren, og vidare til programoperatør. Kontaktinformasjon er oppgitt i utlysinga. 

    Andre generelle spørsmål om programmet og eventuelle utfordringar knytt til forhandling og samarbeid kan rettast til Diku.