EØS-midlane Utdanningssamarbeid med Kroatia

Kroatia satsar stort på å forbetre STEM-undervisning i skulen og lyser ut store midlar til oppgradering av infrastruktur og utstyr, samt samarbeidsprosjekt for å sikre opplæring og auka kompetanse blant lærarar, utvikling av nye undervisningsmetodar m.m.

Ver merksam på at utlysinga består av fleire komponentar som har ulike søknadsfristar. Fristen under er den til ei kvar tid førstkommande aktive søknadsfristen.

Søknadsfrist: 27. august 2021 innen kl 12:00

    Kven kan søkje?

    Skuler, høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, offentlege og private verksemder m.m. kan alle delta i prosjekt finansiert av EØS-midlane. 

    Merk at det alltid er den kroatiske partnaren som er prosjektkoordinator og som difor er formelt ansvarleg for å søkje.  

    Kva kan det søkjast støtte til?

    I inneverande programperiode lyser Kroatia ut nær 30,6 millionar euro til utdanningssamarbeid i Kroatia. Programmet har eit særskilt fokus på realfagleg kompetanse hjå lærarar og elever i grunnskulen.  

    Det vert gjort tilgjengeleg ca. 1,2 millionar euro til utlysing 1 og 22 millionar euro til utlysing 2.  

    Utlysing 1) Kompetanseheving for lærarar og andre tilsette innan grunnskuleutdanning (Small Grant Scheme)   

    Dei kroatiske myndigheitene ynskjer at deira skulevesen vert betre rusta innan områda vitskap, teknologi, ingeniørvitskap og matematikk (STEM), informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), entreprenørskap og aktivt medborgarskap. For å nå desse måla, ynskjer dei at det vert gjennomført følgjande prosjekt: 

    • Utvikle pedagogiske tilnærmingar og praksisar som skuleverket kan nytte til å fremje ferdigheiter og kompetanse innan STEM, IKT, entreprenørskap og aktivt medborgarskap.  
    • Fremje institusjonelt samarbeid for deling av kunnskap og god praksis innan undervisning om STEM, IKT, entreprenørskap og aktivt medborgarskap på alle utdanningsnivå. 

    Desse prosjekta skal ha ein varigheit frå 12 til 18 månadar, og kan ha ei budsjettramme mellom 50 000 og 200 000 euro. 

    Søknadsfrist: 2. august 2021. 

     

    Utlysing 2) Kompetanseheving  og auka ressursar innan vitskap, teknologi, ingeniørvitskap og matematikk (STEM) for lærarar og elevar  

    • Utstyre skular med nødvendig infrastruktur og utstyr til undervisning i STEM-fag (200 000 – 1 000 000 euro).   Søknadsfrist: 28. juli 2021.
    • Utvikle regionale vitskapssentre og samarbeidsnettverk mellom grunnskular og andre aktørar (1 000 000 – 3 000 000 euro). Søknadsfrist: 27. august 2021.

    Desse prosjekta skal ha ein varigheit frå 12 til 21 månadar.  

    Prosjekta må og omfatte aktivitetar som bidreg til styrka kompetanse hjå både lærarar og elevar innan STEM-fag, eksempelvis utviklinga om opplæringsopplegg, nye undervisningsmetodar m.m. Innkjøp av utstyr og infrastruktur skal ikkje overstige 60% av det totale prosjektstøtta. 

    I begge utlysingane viil prosjekt som retter seg mot regionar som kroatiske myndigheiter definerer som underutvikla, eller mot elever med særskilte pedagogiske behov som følgje av til dømes evnerikdom, funksjonshemning eller utsett sosioøkonomisk stilling vert given forrang i søknadsprosessen. 

     

    NB! Webinar og kontakseminar - 26. mai

    Den kroatiske programoperatøren inviterer til webinar med påfølgande kontaktseminar mellom norske og kroatiske partnarar den 26. mai 2021, kl 10-14. Klikk her for å melde deg på.  

     

    Slik søkjer du

    Det er den kroatiske prosjektkoordinatoren som er ansvarleg for å søke om prosjektmidlar under kvar utlysing, men du som potensiell partner oppfordrast til å kontakte relevante aktørar i Kroatia om du har ein mogleg prosjektidé. Norske skular og institusjonar kan også stå som søkar om støtte til førebuande besøk. 

    Vi anbefaler alle som vurderer å delta i eit prosjekt finansiert av EØS-midlane til å sette seg inn i kva dette inneberer. Les vår FAQ for norske prosjektpartnarar her. 

    Slik rapporterer du

    Det er alltid din kroatiske partnar som er formelt ansvarleg for rapportering. Som norsk partner vert du difor lite belasta med administrasjon og rapportering i prosjektet, med mindre du ynskjer ein aktiv rolle i desse oppgåvene. Det er likevel venta at du engasjerer deg i søknadsprosessen og gjennomføringa av prosjektet. Det er og viktig at eventuelle krav til di deltaking, finansiell kompensasjon og rapportering vert inkludert i en partnarskapsavtale før prosjektet vert iverksett.

    Meir om EØS-midlane

    EØS-midlane finansierer prosjektsamarbeid og mobilitet mellom norske skular og utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partar i ei rekkje land i Sentral- og Sør-Europa. Det overordna målet med ordninga er å bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, og samtidig styrkje relasjonane og samarbeidet mellom gjevar- og mottakarlanda. Midlane kan nyttast fram til april 2024.

    Kvart av dei europeiske programlanda har eit unikt fokus, men aktivitetar kan mellom anna omfatte:

    • Prosjektsamarbeid på alle utdanningsnivå
    • Samarbeid og partnarskap gjennom kopling av utdanning, forsking og arbeidsliv
    • Trainee-ordningar, lærlingordningar og praksis
    • Student- og elevmobilitet
    • Mobilitet av faglege og administrativt tilsette
    • Studiebesøk
    • Ungdomsentreprenørskap
    • Intensive program

    Midlane vert forvalta av ein programoperatør i kvart av samarbeidslanda (tilsvarande Diku si rolle for tilsvarande utdanningsprogram i Noreg) som lyser ut, vurderer og tildeler midlane. Diku har eit særskilt ansvar for å gjere mogleikane kjent i norsk utdanningssektor, leggje til rette for mest mogleg deltaking frå Norge, samt være ein fagleg støttespelar for den einskilde programoperatør.

    Les meir om utdanningssamarbeid gjennom EØS-midlane.

    Andre relevante lenkjer :

    Faktaark om EØS-samarbeid i Kroatia (Utanriksdepartementet)

    Meir om EØS-midlane i Kroatia (EØS-midlane sitt sekretariat)

    Kontakt

    Konkrete spørsmål om utlysingar, søknad, tildeling og prosjektgjennomføring må rettast til den kroatiske programoperatøren. Kontaktinformasjon er oppgitt i utlysinga.

    Andre generelle spørsmål om programmet og eventuelle utfordringar i tilknyting til forhandlingar og samarbeid kan rettast til: eeanorwaygrants@diku.no