EØS-midlane Utdanningssamarbeid med Polen

Er du interessert i utdanningssamarbeid med Polen? Polen lyser ut i overkant av 14 millionar euro til mobilitet og prosjektsamarbeid på alle utdanningsnivå.  

Søknadsfrist: 12. april 2021 innen kl 12:00

    Kven kan søkje?

    Skular, høgre utdannings- og forskingsinstitusjonar, offentlege og private verksemder m.v. kan alle delta i prosjekter finansiert av EØS-midlane.  Merk at det alltid er din polske partnar som er prosjektkoordinator og som difor er formelt ansvarleg for å søkje.

    Kva kan det søkjast støtte til?

    Utlysinga omfattar følgjande komponentar: 

    Prioriteringar for det polske programmet er inkluderande utdanning, utdanningsleiing, utvikling av kvalitetskultur i utdanningssektoren, utvikling av VET-sektoren, karriererettleiing og barnevernsutdanning.

    1. Kompetanseheving for faglege og administrativt tilsette
    2. Mobilitet i høgare utdanning for studentar og fagleg tilsette
    3. Institusjonelt samarbeid for betra kvalitet og relevans i yrkesfagleg utdanning
    4. Institusjonelt samarbeid for betra kvalitet og relevans innan alle utdanningsnivå (med unntak av VET)

    1.Kompetanseheving for faglege og administrativt tilsette alle utdanningsnivå

    Døme på tiltak er studiebesøk til skular, institusjonar og fagmiljø i Noreg, og intensivkurs i Polen med fagekspertar frå Noreg.

    2.Mobilitet i høgare utdanning for studentar og fagleg tilsette

    For studentar:

    • Studieopphald (3-12 mnd)
    • Praksisopphald (2-12 mnd)

    For vitskapleg tilsette:

    • Hospitering, inkl. undervisning, jobbskugging eller seminar/konferansar m.m.

    3.Institusjonelt samarbeid for forbetring av kvalitet og relevans i yrkesfagleg utdanning og etterutdanning

    1. Utvikling og modernisering av studietilbodet
    2. Efaringsutveksling i form av seminar/konferansar og intensivkurs 
    3. Utvikling av lokale, regionale og nasjonale strategiar og politikk på utdanningsområdet
    4. Utvikling og implementering av fjernundervisning

    NB: 3.1, 3.2, 3.3 og 3.4 kan kombinerast i eitt prosjekt.

    4.Institusjonelt samarbeid for betra kvalitet og relevans innan alle utdanningsnivå (med unntak av VET).
    Som for komponent 3.
     

    Slik søkjer du

    Det er den polske prosjektkoordinatoren som er ansvarleg for å søkje om prosjektmidlar, men vi oppfordrar potensielle norske prosjektpartnarar til å kontakte relevante aktørar i Polen om du har ein prosjektide, og å involere seg i søknadsprosessen. 

    Utlysningsdokumenta kan du laste ned frå den polske programoperatøren si side.

    Les vår FAQ for norske prosjektpartnarar.

    NB! Finn polsk partnar på digital plattform 

    For å legge til rette for best mogleg «match» mellom polske og norske partnarar er det etablert ei digital plattform der det er lagt til rette for at både norske og polske skular/institusjonar etc kan melde si interesse, søkje etter partnarar og legge inn konkrete prosjektidear. Det er og mogleg å bruke plattforma til å arbeide med å utvikle prosjektideen i samarbeid med polsk partnar. Plattforma er drifta av den polske programoperatøren.  

    For å få tilgang til plattformen må du registrere deg (klikk på den grøne knappen oppe til høgre).

    Det vert og organisert ulike typar tematiske seminar på plattforma for å fasilitere utarbeiding av konkrete prosjektsøknadar til den opne utlysinga:  

    NB! Du må vere registrert på plattformen for å registrere deg og delta.

    Slik rapporterer du

    Det er alltid din polske partner som er formelt ansvarleg for rapportering. Som norsk partner vert du difor lite involvert i administrasjon og rapportering i prosjektet med mindre du sjølv ynskjer ein aktiv rolle i desse oppgåvene. Det er likevel forventa at du engasjerer deg i søknadsprosessen og gjennomføringa av prosjektet. Det er viktig at eventuelle krav til di deltaking, økonomisk godtgjersle og rapportering vert inkludert i ei partnarskapsavtale før prosjektet vert sett i gang.

    Les meir om partnarskap i EØS-midlane.

    Meir om EØS-midlane

    EØS-midlane finansierer prosjektsamarbeid og mobilitet mellom norske skular og utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partar i ei rekkje land i Sentral- og Sør-Europa. Det overordna målet med ordninga er å bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, og samtidig styrkje relasjonane og samarbeidet mellom gjevar- og mottakarlanda. Midlane kan nyttast fram til april 2024.

    Kvart av dei europeiske programlanda har eit unikt fokus, men aktivitetar kan mellom anna omfatte:

    • Prosjektsamarbeid på alle utdanningsnivå
    • Samarbeid og partnarskap gjennom kopling av utdanning, forsking og arbeidsliv
    • Trainee-ordningar, lærlingordningar og praksis
    • Student- og elevmobilitet
    • Mobilitet av faglege og administrativt tilsette
    • Studiebesøk
    • Ungdomsentreprenørskap
    • Intensive program

    Midlane vert forvalta av ein programoperatør i kvart av samarbeidslanda (tilsvarande Diku si rolle for tilsvarande utdanningsprogram i Noreg) som lyser ut, vurderer og tildeler midlane. Diku har eit særskilt ansvar for å gjere mogleikane kjent i norsk utdanningssektor, leggje til rette for mest mogleg deltaking frå Norge, samt være ein fagleg støttespelar for den einskilde programoperatør.

    Les meir om utdanningssamarbeid gjennom EØS-midlane.

    Andre relevante lenkjer 

    Kontakt

    Konkrete spørsmål om utlysingar, søknad, tildeling og prosjektgjennomføring må rettast til den polske programoperatøren. Kontaktinformasjon er oppgitt i utlysinga.

    Andre generelle spørsmål om programmet og eventuelle utfordringar i tilknyting til forhandlingar og samarbeid kan rettast til: eeanorwaygrants@diku.no

    Arrangementer

    Ingen planlagte arrangementer for øyeblikket

    Tidlegare arrangement

    Aktuelt om EØS-midlane: Utdanningssamarbeid med Polen