EØS-midlane Utdanningssamarbeid med Slovakia

Er du interessert i utdanningssamarbeid med Slovakia? Det vert no lyst ut midlar til førebuande besøk og prosjektsamarbeid i høgare utdanning, vidaregåande skule og yrkesfagleg opplæring.

Søknadsfrist: 28. februar 2022 innen kl 22:55

    Kven kan søkje?

    Skuler, høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, offentlege og private verksemder m.m. kan alle delta i prosjekt finansiert av EØS-midlane. Merk at sjølv om private verksemder kan delta som partnar kan dei ikkje motta prosjektfinansiering.

    Det er alltid  den slovakiske partnaren som er prosjektkoordinator og som difor er formelt ansvarleg for å søkje. Når det gjeld finansiering av søk etter ein  partner (bilaterale midlar) kan også norske institusjonar stå som søkar. Dette kan være ein god arena for å møte moglege partnarar og utvikle prosjekt saman.

    Kva kan det søkjast støtte til?

    Slovakia lyser ut 2,5 millionar euro til utdanningssamarbeid mellom slovenske og norske aktørar. Programmet har eit særskilt fokus på grøn industri/innovasjon og velferdsteknologi/helsefag, men utlysinga er likevel open for alle fagretningar. Det er derfor særleg relevant for yrkesfaglege skuler og høgare utdanningsinstitusjonar. Hensikten med programmet er å styrke relevansen og kvaliteten på undervisning og læring og utdanningssamarbeidet mellom Noreg og Slovakia.

    I tildelingsprossesen vil følgjande verte prioritert:

    • om prosjektet involverer partnarar frå områder utanfor Bratislava i Slovakia,
    • om prosjektet adresserer kjønnsforskjellar innan utdanning,
    • om prosjektet legg vekt på inkluderande undervisning.

    Prosjektmidlane kan brukast til ei rekke forskjellige aktivitetar så lenge dei er innafor hovudmålsetjinga. Prosjekt kan mellom anna:

    • integrere ny teknologi i utdanning og prøve ut nye metodar for undervising,
    • arrangere og utvikle felles studieprogram,
    • opprette eller utvikla strategiske partnarskap med næringslivet,
    • legge til rette for kvalitetsutvikling av praktikant-, lærling- og arbeidsplasseringssystem,
    • kunnskapsutveksling om student- og elevrekruttering,
    • utvikle kurs for lærarar og undervisarar.

    Det kan søkjast om opp til 100% prosjektfinansiering mellom 10 000  og 200 000 euro. Prosjekta er førespegla oppstart tidlegast august/september 2022, og må være fullført innan utgangen av april 2024. Det er venta ein eigen utlysing for mobilitetsprosjekt april 2022.

    Meir informasjon kan lastas ned frå den slovakiske programoperatørens nettstad.

    Støtte til prosjektpartnarsøk og småskalatiltak (bilaterale middel)

    Slovakia har ei aktiv utlysing på bilaterale midlar med fortløpande søknadsfrist og tildeling til alle midlane er tildelt eller seinast 31.03.2023. Norske aktørar kan søkje direkte på dei bilaterale midlane og det vert gitt støtte til følgjande:

    1. Partnarsøk

    For interesserte som er på utkikk etter ein partner, eller ønsker å vidareutvikle eit prosjekt med ein kjent partner kan det søkjast om opp til 3 000 euro for følgande aktivitetar:

    • Deltaking i og organisering av webinar, workshops, konferansar og seminar av felles interesse for deltakarane frå Noreg og Slovenia,
    • match-making og nettverksmøter,
    • førebuande besøk.
    1. Småskalatiltak

    Det kan søkjast om opp til 10 000 euro per prosjekt for småskalainitiativ:

    • Deltaking i og organisering av webinar, workshops, konferansar og seminar av felles interesse for deltakarane frå Noreg og Slovakia,
    • studiebesøk og jobbskygging,
    • kapasitetsbygging og opplæring (inkludert fjernundervisning/opplæring),
    • innsamling av data og informasjon, utarbeiding av rapporter, studiar og publikasjonar,
    • nettverkssamlingar,
    • kortvarige utstasjonering og praktikantopphald,
    • utveksling av ekspertar.

    Slik søkjer du

    Det er den slovakiske prosjektkoordinatoren som er ansvarleg for å søkje om prosjektmidlar, men du som potensiell partner vert oppmoda titil å kontakte relevante aktørar i Slovakia om du har ein mogleg prosjektidé. Norske skular og institusjonar kan også stå som søkjar om støtte under dei bilaterale midlane.

    Utlysningsdokumenta kan du laste ned frå den slovakiske programoperatøren si side.

    Vi anbefaler alle som vurderer å delta i eit prosjekt finansiert av EØS-midlane til å sette seg inn i kva dette inneber. Les vår FAQ for norske prosjektpartnarar.

    Slik rapporterer du

    Det er alltid den slovakiske partnaren som er formelt ansvarleg for rapportering. Som norsk partner vert du difor lite belasta med administrasjon og rapportering i prosjektet, med mindre du ynskjer ein aktiv rolle i desse oppgåvene. Det er likevel venta at du engasjerer deg i søknadsprosessen og gjennomføringa av prosjektet. Det er viktig at eventuelle krav til di deltaking, finansiell kompensasjon og rapportering vert inkludert i en partnarskapsavtale før prosjektet vert iverksett.

    Les meir om partnarskap i EØS-midlane her.

    Meir om EØS-midlane

    EØS-midlane finansierer prosjektsamarbeid og mobilitet mellom norske skular og utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partar i ei rekkje land i Sentral- og Sør-Europa. Det overordna målet med ordninga er å bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, og samtidig styrkje relasjonane og samarbeidet mellom gjevar- og mottakarlanda. Midlane kan nyttast fram til april 2024.

    Kvart av dei europeiske programlanda har eit unikt fokus, men aktivitetar kan mellom anna omfatte:

    • Prosjektsamarbeid på alle utdanningsnivå
    • Samarbeid og partnarskap gjennom kopling av utdanning, forsking og arbeidsliv
    • Trainee-ordningar, lærlingordningar og praksis
    • Student- og elevmobilitet
    • Mobilitet av faglege og administrativt tilsette
    • Studiebesøk
    • Ungdomsentreprenørskap
    • Intensive program

    Midlane vert forvalta av ein programoperatør i kvart av samarbeidslanda (tilsvarande Diku si rolle for tilsvarande utdanningsprogram i Noreg) som lyser ut, vurderer og tildeler midlane. Diku har eit særskilt ansvar for å gjere mogleikane kjent i norsk utdanningssektor, leggje til rette for mest mogleg deltaking frå Norge, samt være ein fagleg støttespelar for den einskilde programoperatør.

    Les meir om utdanningssamarbeid gjennom EØS-midlane.

    Andre relevante lenkjer 

    Kontakt

    Konkrete spørsmål om utlysingar, søknad, tildeling og prosjektgjennomføring må rettast til den slovakiske programoperatøren. Kontaktinformasjon er oppgitt i utlysinga.

    Andre generelle spørsmål om programmet og eventuelle utfordringar i tilknyting til forhandlingar og samarbeid kan rettast til: eeanorwaygrants@diku.no

    Arrangementer

    Ingen planlagte arrangementer for øyeblikket

    Tidlegare arrangement