Er du interessert i utdanningssamarbeid med Tsjekkia? Midlar vert no lyst ut midlar til førebuande besøk, prosjektsamarbeid, samt student- og tilsettmobilitet i høgare utdanning, vidaregåande skule og yrkesfagleg opplæring.
Ver merksam på at utlysinga består av fleire komponentar som kvar har ulik søknadsfrist. Fristen under er den til einkvar tid førstkommande aktive søknadsfrist.
Skuler, høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, offentlege og private verksemder m.m. kan delta i prosjekt finansiert av EØS-midlane.
Merk at det alltid er den tsjekkiske partnaren som er prosjektkoordinator og som difor er formelt ansvarleg for å søkje.
I inneverande programperiode lyser Tsjekkia ut ca 7,6 millionar euro til samarbeidsprosjekt mellom norske og tsjekkiske utdanningsaktørar. I denne tredje utlysingsrunda er i alt 3,34 millionar euro tilgjengeleg, og det gis støtte til fire typar prosjekt:
1. Institusjonelt samarbeid på alle utdanningsnivå, med særleg vekt på inkluderande undervising, demokratiforståing og aktivt medborgarskap.
Utlyste midlar skal brukast til samarbeidsprosjekt mellom norske og tsjekkiske utdanningsaktørar, dvs. skular eller relaterte organisasjonar, med vekt på demokratiforståing og aktivt medborgarskap.
Prosjekta kan mellom anna ta for seg å:
Søknadsfrist : 17.02.2021
2. Kompetanseheving på alle utdanningsnivå gjennom utveksling.
Utlyste middel skal brukast til samarbeidsprosjekt mellom norske og tsjekkiske utdanningsaktørar med fokus på kompetanseheving hjå elevar, studentar, tilsette og utdanningsekspertar gjennom utveksling.
Prosjekt som er retta mot lærarstudentar eller vanskelegstilte grupper, som til døme romani vert prioritert i utveljingsprosessen.
Søknadsfrist : 10.02.2021.
3. Kvalitetsheving innan arbeidsbasert læring og ungt entreprenørskap.
Utlyste middel skal brukast til samarbeidsprosjekt mellom norske og tsjekkiske utdanningsaktørar med vekt på følgjande:
Prosjekt som tek sikte på å fremje sosial inkludering, involverer yrkesfaglege skular frå sosialt belasta område, eller yrkesfaglege skular med mange elevar frå sosialt svakstilte grupper, som t.d. romani, vert prioritert i utveljingsprosessen.
Søknadsfrist for tsjekkiske aktørar: 24.02.2021.
4. Auka inkludering av vanskelegstilte grupper i utdanninga, med særleg vekt på rom.
Det er eit mål at skulen skal gjere det mogleg for alle å nå sitt potensial uavhengig av deira sosiale bakgrunn eller kognitive ferdigheiter, og utan at vanskelegstilte elevar må gå i eigne skuler og klassar, eller nytte eit eige pensum.
Prosjekta under dette punktet skal:
Prosjekt som inkluderer rom vert prioritert i utveljingsprosessen.
Søknadsfrist for tsjekkiske aktørar: 03.03.2021.
Det er per no ikkje tilgjengelege midlar til førebuaande besøk i det tsjekkiske programmet.
Det er den tsjekkiske prosjektkoordinatoren som er ansvarleg for å søke om prosjektmidlar under kvar utlysing, men vi oppfordrar alle norske partnarar til å til å kontakte relevante aktørar i Tsjekkia om du har ein mogleg prosjektidé, og å involvere seg i søknadsprosessen.
Vi anbefaler alle som vurderer å delta i eit prosjekt finansiert av EØS-midlane til å sette seg inn i kva dette inneberer. Les vår FAQ for norske prosjektpartnarar.
Det er alltid din tsjekkiske partnar som er formelt ansvarleg for rapportering. Som norsk partner vert du difor lite belasta med administrasjon og rapportering i prosjektet, med mindre du ynskjer ein aktiv rolle i desse oppgåvene. Det er likevel venta at du engasjerer deg i søknadsprosessen og gjennomføringa av prosjektet. Det er viktig at eventuelle krav til di deltaking, finansiell kompensasjon og rapportering vert inkludert i en partnarskapsavtale før prosjektet vert iverksett.
EØS-midlane finansierer prosjektsamarbeid og mobilitet mellom norske skular og utdanningsinstitusjonar og tilsvarande partar i ein rekke land i sentral- og sør-Europa. Det overordna formålet med ordninga er å bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, og samtidig styrke relasjonane og samarbeidet mellom Noreg og samarbeidslanda. Midlane kan brukast fram til april 2024.
Kvart av dei europeiske programlanda har eit unikt fokus og innretning, men aktivitetar kan mellom anna bestå av:
Midlane vert forvalta av ein programoperatør i kvart av samarbeidslanda (tilsvarande Diku si rolle for tilsvarande utdanningsprogram i Noreg) som lysser ut, vurderer og tildeler midlane. Diku har eit særskilt ansvar for å gjere mogleikane kjent i norsk utdanningssektor, leggje til rette for mest mogleg deltaking frå Norge, samt være ein fagleg støttespelar for den einskilde programoperatør.
Les meir om utdanningssamarbeid gjennom EØS-midlane.
Andre relevante lenker:
Konkrete spørsmål om utlysingar, søknad, tildeling og prosjektgjennomføring må rettast til den tsjekkiske programoperatøren, og videre til programoperatør. Kontaktinformasjon er oppgitt i utlysinga.
Andre generelle spørsmål om programmet og eventuelle utfordringar knytt til forhandling og samarbeid kan rettast til: eeanorwaygrants@diku.no