Norsk-Russisk samarbeid innan interkulturell forståing og menneskerettar for journaliststudentar
Program:
Erasmus+
Global mobilitet i høyere utdanning
Fagområde:
Journalistikk
Tildelte midler:
45 000 EUR
Koordinator for prosjektet:
Arne Humberset & Iulia Beleuta, Internasjonalt kontor HVO, Svein Brurås, Avdeling for mediefag, HVO
Partnere i prosjektet:
Olga Savinova, Head of Department of Journalism, Lobachevsky State University of Nizhny Novgorod Tamara Gromova, School of Journalism and Mass Communication, St. Petersburg State University Natalyia Milyavskaya, Head of Int. Office, Immanuel Kant Baltic Federal University in Kaliningrad
Høgskulen i Volda (HVO) har sidan 2009 samarbeida tett med journalistutdanningane ved dei store statlege universiteta i Kaliningrad, Nizhny Novgorod og St. Petersburg. Samarbeidet starta med vekeslange workshop om temaet menneskerettar og interkulturell forståing for journaliststudentar.
Workshopane vart koordinert av Menneskerettighetsakademiet og vart avholdne på omgang i Noreg (Volda), Russland og Sverige. Dette samarbeidet har også resultert i ein undervisningsmanual om temaet til bruk i russiske journalistutdanningar.
Sidan 2014 har HVO motteke støtte frå Erasmus+ Global Mobilitet til utveksling av studentar og tilsette til og frå dei tre russiske samarbeidsuniversiteta. Totalt har prosjektet gitt stipend til meir enn 25 studentar og 20 tilsette.
Norske og russiske journaliststudenter samarbeider om å undersøke fremkommelighet for fysisk utviklingshemmede i St. Petersburg. Foto: Valeria Lazareva
Hva fikk prosjektet støtte til?
Prosjektet har hovudsakleg støtta opp under mobilitet av studentar og tilsette mellom HVO og russiske partnaruniversitet. Erasmus-midlane har også dekt utgifter knytt til visum for deltakarane.
I dei mest aktive åra har det vore 9-10 russiske journaliststudentar ved HVO årleg. Undervisningsmanual og workshops har blitt finansiert gjennom Menneskerettighetsakademiet (midlar frå Utanriksdepartementet) og har gjort det mogleg for prosjektet å involvere mange fleire studentar ann dei 25+ studentane som har motteke Erasmus-stipend for eit semesterlangt utvekslingsopphald.
Fremgangsmåte
Kontakten mellom HVO og dei russiske journalistutdanningane var allereie på plass før Erasmus+ programmet vart etablert i 2014. Dette gjorde det enklare å plassere Erasmus-prosjektet inn i ein større samanheng og å starte med stort utvekslingsvolum allereie dei første åra.
Det institusjonelle samarbeidet har også ført til gjensidige gjesteførelesingar og sampublisering innan feltet.
Norske og russiske journaliststudenter samlet til workshop i St. Petersburg. Foto: Valeria Lazareva
Resultater
Prosjektet er ikkje av ein slik art at det vert ferdigstilt. Det er eit veldig viktig initiativ å kople russiske og norske institusjonar, kanskje spesielt innanfor medie- og journalistutdanningar.
Å gi studentane ei god innføring i samfunnsutfordringane i Russland og Noreg, samt ei felles plattform for journalistisk etikk, gir om mogleg berre endå meir meining i framtida.
Råd og tips
Søk gjerne Erasmus-støtte til prosjekt knytt til eksisterande samarbeid. Bruk mykje tid i starten på å kartlegge behov og interesser, pass på at prosjektet ikkje berre vert einsidig med tanke på målsetjingar og at det dekkjer behov ved dei ulike deltakarinstitusjonane.
Prøv å knytte mange tilsette, både vitskapleg og administrative, til prosjektet for å sikre kontinuitet og institusjonell forankring.
PS. Det blir ikke tildeling på Global mobilitet i 2021. Første tildeling er planlagt i 2022, les mer om den kommende utlysningen under Hovedtiltak 1: Mobilitet på vår ressursside om Erasmus+ 2021-2027.