Prosjekteksempel
Prosjekteksempel
05.11.2019

Kompetanseheving gjennom tverrnasjonalt samarbeid innanfor folkehelse

  • Program: Eurasiaprogrammet
  • Fagområde: Folkehelse/medisin
  • Tildelte midler: 6.8 millionar NOK
  • Koordinator for prosjektet: Norges Arktiske Universitet (UiT)
  • Partnere i prosjektet: Tbilisi State University, University of Georgia, GE-National Venter for Disease Control and Public Health (GE), GE-UNICEF (GE), GE-CiTI (GE).
  • Kontaktpersoner:

    Erik Eik Anda, UiT

Prosjektskildring

I 2015 starta eit samarbeidsprosjekt mellom universiteta i Tromsø og Tbilisi i Georgia. Det overordna målet for prosjektet er å auke kompetansen innanfor folkehelse i Georgia ved å utvikle eit nytt og engelskspråkleg master Programme in Public Health (MPH) av høg kvalitet. Det nye masterprogrammet rettar særleg fokus mot registerbasert epidemiologi, og skal etter kvart erstatte dei eksisterande MPH-programma ved Tbilisi State University og University of Georgia, som er dei georgiske partnarinstitusjonane for prosjektet.  

 

Hege Toje og Benedicte Einarsen i Diku var på besøk i Georgia. Her er dei saman med georgiske master- og phd-studentar. 

Hovudaktivitetane i prosjektet går ut på å etablere pensum for MPH, samt utvikle kurs på både master- og doktorgradsnivå og gi felles rettleiing av studentar. I tillegg skal prosjektet leggje til rette for utveksling av studentar og tilsette mellom norske og georgiske partnarar. 

Gjennom dette prosjektet vil doktorgradsstipendiatar tileigne seg verdifull kunnskap i registerbasert forsking. Stipendiatane tek kurs saman og får rettleiing i både Noreg og i Georgia. I tillegg organiserer dei norske og georgiske partnarane årlege konferansar som tek for seg framgangen og utfordringane ved både registeret og andre aspekt ved prosjektet. Målet er at dei nye doktorgradsstipendiatane vil fullføre graden innanfor prosjektperioden i både Georgia og Noreg, og vil bli verande hos sine respektive folkehelseinstitutt for vidare undervisning og forsking.  

Prosjektkoordinator og professor i medisin, Nino Chikhladze, fortel om Tbilisi State University. Her ved bysten av Georgias nasjonalpoet Shota Rutaveli i universitetsbiblioteket. 

Langsiktige fordelar og førespegla resultat ved programmet inkluderer ein permanent, innovativ og moderne MPH, som vert utvikla i takt med eit helsesystem i stadig endring. Det er forventa at prosjektet vil resultere i permanente ordningar for utveksling av studentar og tilsette for både utdanning- og forskingsføremål.   

Det har vore eit samarbeid mellom UiT og Georgia i 23 år, og det er heilt klart at dette samarbeidet har vore like viktig og hatt like mange fordelar for begge partar. UiT har vore med på å byggje opp folkehelsestatistikk i Georgia, samstundes som Noreg då har fått tilgang på data og fylt opp dei viktige utvekslingskvotene.  

Her kan du sjå intervjuet med Sophia og Meggie frå Georgia om deira opphald ved UiT:

Kva fekk prosjektet støtte til?

  • kursutvikling
  • studentmobilitet
  • reisemidlar
  • praksisoppgåver
  • samarbeid med dei nasjonale helseregistra
  • løn til PhD-studentar i Georgia

Etablering av prosjekt

Georgia er det første noverande utviklingslandet i verda som har oppretta eit digitalt fødselsregister på nasjonalt nivå. Etableringa av dette registeret vart gjort gjennom UNICEF, som frikjøpte ein forskar frå UiT for å lage registeret, samstundes som dei betalte for utviklinga av sjølve systemet. Registeret vart implementert i januar 2016, med føremål om å samle truverdig informasjon og sikre nøyaktig rapportering av data. UiT har hatt hovudansvar for utviklinga av registeret. Dermed var det allereie etablert eit godt samarbeid mellom Georgia og UiT då dette prosjektet starta.  

Resultat

  • Ein fornya engelskspråkleg master innanfor folkehelse ved Tbilisi State University og University of Georgia, som er tilpassa Bologna-kriteria og som er tilpassa helseutfordringar i Georgia
  • Stimulert til samarbeid på feltet mellom dei to georgiske universiteta
  • Opplæring av georgiske master og PhD-studentar ved UiT
  • Arbeider kontinuerleg med å forbetre kvaliteten på folkehelsedata og statistikk
  • UiT har vore viktig for å byggje opp statistikk på folkehelse og byggje analysekapasitet slik at Georgia har kompetanse til å nytte seg av desse dataa til politikkutvikling på helsefeltet

Råd og tips

Gjennomføring av prosjekt går sjeldan heilt som planlagt, og då er det viktig med gode samarbeidsordningar. Erik Eik Anda peiker på godt samarbeid med både partnarane og Diku som viktig for gjennomføringa av dette prosjektet. 


- Vi har ganske enkelt prøvd å halde oss til planen frå prosjektskildringa og tatt eitt problem av gangen. Sidan det ikkje går an å planleggje slike store prosjekt heilt nøyaktig, har det vore ein del endringar undervegs. Dette har for det meste vore utviding av aktivitetar med støtte frå andre institusjonar, seier Erik Eik Anda ved UiT.