Partnarar i prosjektet:
Taras Shevchenko National University of Kyiv, Norsk-ukrainsk handelskammer og Comparative International Governmental Accounting Research Network (CIGAR)
Kontaktpersonar:
Professor Anatoli Bourmistrov
Kort om prosjektet
Norwegian-Ukrainian Cooperation in Public Sector Education (NUPSEE) er eit fleksibelt dobbelt master-program utvikla i samarbeid mellom Nord universitet og Taras Shevchenko National University of Kyiv. Programmet har som mål å styrkje regionalt samarbeid innan offentleg administrasjon og bidra til ukrainsk integrasjon i den europeiske fellesskapen. Ukrainske studentar som tek det to-årige programmet går ut med to master-vitnemål, eitt frå kvart partnaruniversitet. Norske studentar kan og ta del i eit semesterlangt opphald ved institusjonen i Kyiv.
Prosjektaktivitetar
dobbelt master-program
nettbasert metodekurs
studieopphald eller praksisopphald utanlands
kortare studieturar og arbeidsseminar
felles forskingsprogram
Bakgrunn for prosjektet
Nord universitet har lang erfaring frå samarbeid med ukrainske universitet og blei i 2014 ein sentral partnar i Norsk-ukrainsk universitetsallianse (NUUA).
Bohdan Dorosh med professor Anatoli Bourmistrov fra Nord universitet. Foto: Nord universitet
Resultat
Ti til femten studentar går ut frå dobbeltgrad-programmet kvart år.
Eit anna viktig utkome er det sterke institusjonelle samarbeidet som er skapt mellom Nord universitet og Taras Shevchenko National University of Kyiv. Sjølv om NUPSEE nærmar seg slutten av sin finansieringsperiode, utforskar institusjonane nye samarbeid, inkludert ein dialog om scenario-planlegging for «smarte» byar.
Professor Anatoli Bourmistrov er optimistisk når han vurderer kva bidrag programmet gjev studentane, både personleg og for karrieren:
– Etter eksamen returnerer alle dobbeltgradsstudentane til Ukraina. Dette hjelper å sikre landet mot hjerneflukt. Noreg har eit godt rykte i det ukrainske samfunnet og kandidatar frå programmet vårt har difor gode karriereutsikter, klargjer han.
Foto: Nord universitet
Råd til andre
Prosjektkoordinator Anatoli Bourmistrov understreker kor viktig det er med gode relasjonar både internt og eksternt når ein skal lage og setje i verk internasjonale utdanningsprogram som skal vere godkjende i fleire land, særleg når samarbeidsinstitusjonane har ulike utdanningsfilosofiar og -system.
– Viss du ikkje har interesse frå forskarar og administratorar kan det vere tungt å drive fram samarbeid. Me hadde gleda av omfattande støtte for programmet vårt som gjorde det mogleg å lage eit samkøyrd program som tilfredsstiller dei akademiske og formelle krava ved båe institusjonar, seier han.