Prosjekteksempel
Prosjekteksempel
10.10.2019

Bruk av internasjonal praksis i kvalitetsforbetringsarbeidet

  • Program: InternAbroad
  • Fagområde: Økonomi og administrasjon
  • Tildelte midler: 300 000 x2
  • Koordinator for prosjektet: Norges Handelshøyskole (NHH)
  • Partnere i prosjektet: Norges Sjømatråd, Lærdal Medical Yara, Mattheis Borg (Mustad Group), Gastromotiva og lokale universitet i Japan og Brasil.
  • Kontaktpersoner:

    Ann Mari Haram, Kristin Rygg, Stella Angove og Lars Jacob Tynes Pedersen

Prosjektskildring

NHH har to InternAborad prosjekt, eitt i Japan og eitt i Brasil. Studentane i Japan har praksis i 4 veker og etterpå tar dei kurs ved eit japansk universitet. Studentane i Brasil tar først kurs ved ein lærestad i Sao Paulo og reiser deretter til Rio de Janeiro for praksisperioden sin. 

 

NHH har laga eit fagleg opplegg for praksisperiodane knytt mot kunnskap om interkulturell kommunikasjon og berekraftige forretningsmodellar. Studentane deltek saman med andre praksisstudentar på ein pre-departure workshop ved NHH. Her får dei ei innføring i dei faglege aktivitetane i kurset og ein praktisk orientering. Det faglege opplegget heldt fram online medan studentane er ute i praksis. Etter at studentane er kome attende til Noreg, kan studentane delta på ein re-entry workshop. Her trener dei på å nytte erfaringane frå praksisperioden i ein tenkt jobbsøkingsprosess. 

NHH har brukt prosjektstøtta frå InternAbroad som eit middel til å teste ut nye idear rundt praksis som middel for kvalitetsheving av studieprogrammet. Dei bruker og same opplegg for studentar som reiser på praksis i andre land, som til dømes i EU via Erasmus+. 
 

Sjå intervju med praksisstudentar frå NHH her: 

Kva fekk prosjektet støtte til?

  • Lønsmidlar
  • Reisestøtte for tilsette
  • Workshops

Etablering av prosjektet

 Fagleg tilsette ved NHH har kontaktar og erfaringar frå Japan og Brasil. Dette vart nytta til å planlegge InternAbroad-prosjekta. NHH har tidlegare hatt UTFORSK-prosjekt i Brasil, og praksis var allereie prøvd ut der i mindre skala. 

Resultat

Kursopplegget som er utvikla via InternAbroad har lagt grunnlaget for innføringa av Internship Abroad-kursa på bachelor- og masterprogrammet våren 2019. I desse kursa gjennomfører studentane praksisstudier i utlandet utan at det nødvendigvis er knytt til utveksling. Alle land er aktuelle. Interkulturell kommunikasjon er den faglege komponenten på bachelornivå, medan på masternivå skal studenten også relatere forretningsteori til praksisen. 

Våren 2019 deltok 25 studentar på pre-departure workshop på NHH. 
 

Råd og tips

Fagleg forankring er nøkkelen til at aktivitetane skal halde fram etter prosjektperioden. Om ein akademisk tilsett har fagleg tilknyting til det aktuelle landet, ivaretakast relasjonane som vert bygd opp i prosjektet. Likeins er det nødvendig å bygge varige administrative rutinar og strukturar parallelt med prosjekta. Dette føreset menneskelege ressursar. 

For NHH er det lærerikt å ha prosjekt i to land som har svært ulike tradisjonar for internships. Det er viktig når vi skal lage ein praksismodell som kan fungere i fleire land. Spesielt i Japan har det blitt etablert personlege relasjonar i både administrasjon og i fagstab. Dette gjer det enklare å finne praksisplassar framover. Prosjekta har og vore viktige for å jobbe betre på tvers i organisasjonen.