Prosjekteksempel
Prosjekteksempel
09.10.2019

Kombiner praksis og studier i Brasil

  • Program: InternAbroad
  • Fagområde: Økonomi og administrasjon, ingeniørfag
  • Tildelte midler: 300 000 x2
  • Koordinator for prosjektet: Universitetet i Sør-Aust Noreg (USN)
  • Partnere i prosjektet: Pontifícia Universidade Católica do Rio de Janeiro (PUC-Rio), Universidade Federal do Rio de Janeiro (UFRJ), Kongsberg Maritime, Roxtec og Technip FMC i Rio de Janeiro
  • Kontaktpersoner:

    Eivind Fauskanger og Antonio Ramos

Prosjektskildring

Brasil og Noreg har mykje næringslivssamarbeid, og mange store industrikonsern har verksemd både i Noreg og i Brasil. Det at norske studentar får erfaring frå brasiliansk industri kan difor bli nyttig for Noreg i framtida.

Som internasjonal student i Brasil kan det vere utfordrande å få nok studiepoeng til å fylle eit heilt semester, ettersom det ikkje er alle fag som vert undervist på engelsk. Ved å kombinere praksis med studiene, får studentane både verdifull arbeidserfaring og kunnskap frå eit brasiliansk universitet. Studentane arbeider i ei bedrift eit gitt antal timar, og heimuniversitetet gir studiepoeng for dette. Samstundes tar studentane fag ved eit brasiliansk universitet. 

Jacob Mol i praksis hos Roxtec i Rio de Janeiro

USN har to InternAbroad prosjekt i Brasil, eitt innan ingeniørfag og eitt innanfor økonomi og administrasjon. Desse fagretningane samarbeider om opplegget, men har ulike praksisfag som studentane tek del i. 

Sjå intervju med Eirin Aarem om hennar praksis hos Kongsberg Maritime i Rio de Janeiro:

Kva fekk prosjektet støtte til?

  • Lønsmidlar
  • Reisestøtte for tilsette
  • Ekstrastipend for studentar

Etablering av prosjektet

Prosjektet fekk støtte i 2017. Prosjektet har utarbeidd opplegg og fagskildringar for praksisemnet ved USN, auka antal bedriftskontraktar og laga kontraktar som regulerer samarbeidet. Desse kontraktane er omsett til portugisisk. I tillegg er det laga malar for prosjektskildringar for arbeidet studentane skal utføre i bedriftene, og det har blitt utarbeidd prosedyrar om tryggleik. Støtta frå InternAbroad har gjort at programkoordinatoren kan reise til Brasil for å auke og styrke nettverket, sørge for tett oppfølging av studentane som er i praksis, og forsterke samarbeidet med det brasilianske universitetet. 

Resultat

Fleire studentar tilknytta ulike fag og på ulike nivå har vore Intern Abroad i Brasil.

Det har blitt laga skildringar av læringsutbytte for praksisfaget.

Det er laga kontraktar som regulerer forholdet mellom norsk universitet, brasiliansk universitet og arbeidslivspartnarar. Desse kontraktane er omsett til portugisisk.  

Råd og tips

 

  • Nettverksbygging: Ta utgangspunkt i eksisterande faglege nettverk og opparbeid eit nettverk mot bedrifter. Personleg kontakt er viktig!
  • Studentvisum er å føretrekke. Dette krev at studentane studerer ved eit lokalt universitet samstundes som dei er i praksis. 
  • Samarbeid er viktig. Dette gjeld både samarbeid med faglege og administrative tilsette, og samarbeid med konsulat og sjømannskyrkja om beredskap.