Prosjekteksempel
Prosjekteksempel
13.01.2020

Ph.d.-utveksling og samarbeid i lærarutdanninga: Global Awareness in Teacher Education (Open GATE)

  • Program: Partnerskapsprogrammet for Nord-Amerika
  • Fagområde: Lærarutdanning, pedagogikk og didaktikk. Kjønnsstudium.
  • Tildelte midlar: 1 596 800 kroner
  • Koordinator for prosjektet: OsloMet – storbyuniversitetet
  • Partnarar i prosjektet: George Mason University (GMU), Oakton High School, Oslo kommune, Franconia Elementary School.
  • Kontaktpersonar:

    Halla Bjørk Holmarsdottir

Prosjektskildring

Global kompetanse og interkulturell forståing har aldri vore viktigare enn det er i dagens globaliserte samfunn. Prosjektet Global Awareness in Teacher Education (Open GATE) jobbar for å oppnå nettopp dette, ved å fremje dei internasjonale dimensjonane ved lærarutdanningar på alle nivå. 

Open Gate er eit samarbeid mellom OsloMet og George Mason University. Prosjektet jobbar for å internasjonalisere og fremje lærarutdanninga ved å styrke samarbeidet mellom lærarstudentar, lærarar og forskarar. Prosjektet siktar mot å auke utveksling av både mastergradsstudentar, stipendiatar og praktiserande lærarar mellom GMU og OsloMet. I tillegg er det fokus på å utvikle pensum og andre reiskap som kan nyttast for å forbetre læringsmetodar på tvers av land. 

Utdanning av lærarar, og til ein viss grad lærarutdannarar, i dei fleste land rundt i verda har tradisjonelt fokusert nesten berre på å utvikle forståingar, ferdigheiter og haldningar som passar for undervising i lokale skular. Likevel er global kompetanse og interkulturell forståing viktigare enn aldri før. Det er behov for å førebu studentane til å «appropriately address the global challenges and opportunities shared with fellow world citizens» (Reimers, 2009, s. 183). Mens det i lang tid har vore klart at innverknaden til globaliseringa er omfattande, og kor viktig det er med interkulturell kommunikasjon, har det vore for lita merksemd rundt spørsmålet om korleis ein kan lage ein læreplan som speglar internasjonale dimensjonar, samtidig som vi sikrar at vi har meir internasjonalt kompetente lærarar. 

Både George Mason University (GMU) og OsloMet – storbyuniversitetet har ei forplikting til å styrkje dei internasjonale dimensjonane i lærarutdanninga på alle nivå. Støtta av dei strategiske planane til universiteta, er vi medvitne om at internasjonalisering/global utdanning er avgjerande for framtidig suksess for begge institusjonane. Vidare er mandatet for alle program å auke vekta si på å nå internasjonaliseringsmål som er grunnlaget for dette prosjektet.

Kva fekk prosjektet støtte til?

Vi tek sikte på å nå desse måla gjennom felles kurs, høve for utanlandsstudium/opphald og anna (inkludert forsking) og uformelle opplevingar for både tilsette og studentar og i samarbeid med utøvarar (skular og lokale utdanningsinstitusjonar).

Framgangsmåte

Tre av deltakarane i prosjektet har laga denne filmen, som viser eksempel på kunnskap og erfaring dei tileigna seg gjennom ph.d.-utveksling og samarbeid på tvers av institusjonane.

Resultat

Prosjektet har hjelpt til å etablere samarbeid mellom stipendiatar og tilsette på tvers av institusjonar. Dette er forskarsamarbeid, undervisingssamarbeid og generell styrking av dei einskilde deltakarane sine internasjonale nettverk. 

Råd og tips

Sjå bloggane til Sissel Lea Heggernes og  Merethe Skårås der dei har skrive om samarbeidet og opphaldet ved George Mason University.