Refusjonsordning - Ukraina

Norske universitet, høgskular og fagskular kan søkje refundert kostnader til stipend for studentar som er ramma av krigen i Ukraina.  

Søknadsfrist: 15. september 2022 innen kl 12:00

    Kven kan søkje?

    • Norske universitet og høgskular
    • Norske fagskular

    Kva kan det søkjast støtte til?

    Ordninga skal hjelpe noverande ukrainske, russiske og kviterussiske studentar ved norske høgare utdanningsinstitusjonar og fagskular som har fått akutte betalingsproblem som resultat av den russiske invasjonen i Ukraina. Ordninga er avgrensa til perioden mars-august 2022

    Slik søkjer du

    HK-dir vil gjere tilgjengeleg eit elektronisk rapporteringsskjema i god tid før søknadsfristen 15. september 2022. Institusjonane vil sende inn berre ein søknad, som omfattar samtlege utlegg til dei aktuelle studentane. 

    Nærare vilkår og føringar for ordninga er spesifiserte i vedlagte brev til institusjonane datert 19.03.2022.