Prosjekteksempel
Prosjekteksempel
07.11.2019

Norsk-russisk samarbeid for betre språklæring

  • Program: Russlandsprogrammet
  • Fagområde: Lingvistikk og språk
  • Tildelte midlar: 2 millionar NOK
  • Koordinator for prosjektet: Norges Arktiske Universitet (UiT)
  • Partnarar i prosjektet: National Research University - Higher School of Economics (HSE) i Russland
  • Kontaktpersonar:

    Laura Janda (UiT) og Olga Lyashevskaya (HSE)

Prosjektskildring

Norges Arktiske Universitet (UiT) og National Research University- Higher School of Economics (HSE) i Russland har fått 2 millionar kroner gjennom Russlandsprogrammet til utdanningsprosjektet TWIRLL - Targeting Wordforms in Russian Language Learning.

Tradisjonell opplæring i russisk fokuserer på å lære kompliserte bøyingsmønster og kan ofte vere overveldande for studentane. Dette prosjektet jobbar med å forbetre og forenkle metodane for å lære russisk som framandspråk. Resultata kan og ha overføringsverdi til læringa av andre språk. 

Hovudmålet med TWIRLL er å endre den pedagogiske tilnærminga til russisk som framandspråk, ved å utvikle ein forskingsbasert og forenkla metode for å lære russiske ord og bøyingsformer. Det endelege målet er betre læringsutbytte for studentane. 

Prosjektet vil nå dette målet ved å 

  • vidareutvikle database over russiske språklege uttrykk (Russian Constructicon)
  • utvikle det digitale verktøyet SMARTool (Strategic Mastery of Russian Tool)
  • involvere studentar i forskings- og utviklingsarbeidet i prosjektet
  • tilretteleggje for utveksling av studentar og tilsette
  • tilretteleggje for felles undervisning og rettleiing 
  • revidere kurs og studieplanar i russisk og russisk som framandspråk, med sikte på å utvikle doble grader på master- og phd.-nivå. 
  • formidle resultat og spreie både metoden og verktøyet til andre fagmiljø innan lingvistikk og språkpedagogikk.

Kva fekk prosjektet støtte til?

  • Utvikling av digitale verktøy 
  • Stipend- og reisestøtte for studentar og tilsette
  • Revisjon av kurs og studieplanar
  • Formidlingsaktivitetar

Framgangsmåte

Ved oppstarten av prosjektet vart det halde møter kvar veke for å setje saman designet for SMARTool. Det vart og gjennomført ein kickoff-workshop, som var til stor hjelp i byrjinga av prosjektet. SMARTool vart laga av ein strålande programmerar ved UiT, og Giellatekno (Senter for språkteknologi ved UiT) tok på seg det tekniske ansvaret for verktøyet. 

Prosjektet hadde god støtte frå studentar ved HSE Moskva. To av studentane hjelpte med å utvikle eit nytt grensesnitt for Russian Construticon. Studentane frå HSE Moskva var og med på å presentere resultata ved konferansar i Noreg, Russland, Finland, Japan og USA. 

Det skal vere ein avslutnings- og formidlingskonferanse mot slutten av 2020. Der skal prosjektet offisielt lansere verktøya SMARTool og Russian Construction, som allereie er funksjonelle og i bruk i undervisning ved begge institusjonane. 

Resultat

  • Prosjektet har utvikla eit digitalt læringsverktøy (SMARTool). SMARTool har inspirert ei rekkje parallelle verktøy, inkludert verktøy for å lære nordsamisk, spansk, finsk, tsjekkisk og polsk. Det er og blitt etablert ein internasjonal github-organisasjon for å huse alle desse verktøya
  • Prosjektet er i gong med å utvikle eit felles studieprogram og doble grader på master- og phd.-nivå
  • Forsking- og utviklingsresultata vert formidla gjennom deltaking på relevante møteplassar og gjennom sluttkonferansen for prosjektet

Råd og tips

I følge Laura Janda ved UiT er det i houvdsak to ting som må vere på plass for å få eit slikt prosjekt til å fungere. For det første må ein ha gjennomført forsking som kan danne grunnlag for å utvikle forskingsbaserte verktøy. For det andre må ein ha eit godt og langvarig forhold til kollegaer i Russland som er til å stole på. Vidare seier ho at det har hjelpt å vere strukturert og gi regelmessig tilbakemelding til kollegaer og studentar om kva resultat som er forventa.

I tillegg trengs det litt flaks.

- I byrjinga av vårt prosjekt hadde vi noko uflaks med den politiske situasjonen i Russland. I tillegg brakk prosjektleiaren armen. Men vi klarte likevel å fullføre prosjektet, seier Laura.