Prosjekteksempel
Prosjekteksempel
08.02.2022

Fartein er norsklektor i Romania: - Eit år har vorte til seks

  • Program: Utenlandslektoratsordningen

Om ordninga

Utanlandslektoratordninga omfattar 16 lektorar som underviser i norsk språk og litteratur ved universitet i utlandet.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse bistår universiteta med å finne godt kvalifiserte kandidatar og gjer samstundes ei økonomisk støtte til lektorane.

Utanlandslektorane er ansatt ved institusjonen i engasjement på inntil fem år.

Presentasjon av lærestaden

Babeș-Bolyai-Universitetet ligger i byen Cluj-Napoca nord-aust i Romania og er et stort universitet med nærare 40 000 studentar.

Institutt for skandinaviske språk og litteratur ved filologisk fakultet feira nyleg 30 årsjubileum for norskundervisninga, eit emne som ble introdusert ved universitetet allereie i 1991. Norsk blir i dag undervist både som hovud- og bifag for studentar på bachelornivå, og studieprogrammet i norsk har over 200 studentar fordelt på tre årstrinn. I tillegg kan ein studere norsk som valfritt kurs på mastergradsnivå og det er også mogleg å ta ein Ph.d. grad innan norske emnar. 

Intervju med utanlandslektoren

Fartein Øverland har arbeidd som utanlandslektor ved Babeș-Bolyai-Universitetet sidan haustsemesteret 2016. Han har undervist på alle årstrinn av bachelorprogrammet i norsk språk og litteratur i praktiske kurs i norsk språk og seminar i språkvariasjon, leksikologi og morfologi. I tillegg har han vore rettleiar for bachelorstudentar og organisert norrøne lesegrupper – eit friviljug studietilbod i norrøn filologi – for nybyrjarar og vidarekomne.

Ein ung mann på toppen av eit fjell, men vid utsikt i bakgrunnen. Skilt seier Varful Retezat 2482 meter over havet.

Fartein Øverland får også høve til naturopplevingar, her vitjar han fjellet Vârful Retezat.

- Kva bakgrunn har du og kvifor valde du å søke stilling som utanlandslektor?

- Eg har mastergrad i norrøn filologi frå Universitetet i Bergen, og har tidlegare arbeidd som vitskapleg assistent og forskar innan dette fagfeltet. Eg valde å søkja stilling som utanlandslektor fordi eg ynskte røynsle med å arbeida i utlandet. I utgangspunktet hadde eg tenkt å verta i Cluj i eitt studieår, men eg har likt meg så godt, både i fagmiljøet og i byen, at eg har vorte i seks. Til trass for at eg ikkje har studiebakgrunn innan norsk som andrespråk, har eg gjennom røynslene med praktiske kurs i norsk lært mykje om andrespråkslæring i ein praktisk samanheng.

Fartein var heilt frå starten svært godt motteken i fagmiljøet ved Det skandinaviske instituttet. Han vart overraska over talet på studentar som har vald å studera norsk språk og litteratur som val-, bi- eller hovudfag og det omfattande og gode samarbeidet med fagmiljø og institusjonar i Noreg.

-Kven er studentane dine og kvifor har de valt å studere norsk?

- Det er ulike grunnar til at studentane har valt å studera norsk. Somme vil læra seg norsk for å flytta til og arbeida i Noreg, somme vil læra seg norsk for å arbeida i internasjonale selskap i Romania, somme vil arbeida som omsetjarar av norsk litteratur, og somme har fagleg interesse av særskilte felt av nordiskfaget. Det mest inspirerande eg har opplevd som lærar i norsk som framandspråk er å sjå dei beste av studentane gå frå ingen eller elementære førekunnskapar til å kunna utrykkja seg flytande skriftleg og munnleg i løpet av bachelorstudia. 

I stillinga inngår det som eit krav frå universitetet å publisera minimum éin artikkel per studieår. Det har vore krevjande, tykkjer Fartein, men samstundes eit framifrå incentiv til fagleg framdrift. Særleg gjevande syns han det har det vore å arbeida med felles artiklar og konferanseinnlegg. Den fyrste utanlandslektoren i Cluj oppretta den opne Facebook-sida “Norsk i Cluj” for å dokumentera og formidla aktivitetane ved instituttet. For Fartein har det vore lærerikt å vidareføra dette arbeidet som medlem i redaksjonen til sida. 

- Eg hadde tidlegare ikkje arbeidd med søknader til og gjennomføring av arrangement som gjesteførelesingar, forfattarbesøk, studentekskursjonar og jubileum. Instituttets grunnleggjar og tidlegare instituttleiar Sanda Tomescu Baciu har lagt stor vekt på å gje gjester ved instituttet ei god mottaking, jamvel i travle periodar. Dette har utvilsamt vore med på å gje instituttet eit godt omdøme i Noreg og andre land, og det har vore inspirerande å vera ein liten del av. Det har vore gjevande å fagna og verta kjend med gjestene og såleis knyta nye kontaktar i fagmiljøet i Noreg. Det har vore ei særleg glede å ta i mot min tidlegare kollega, professor Odd Einar Haugen frå Universitetet i Bergen, som gjesteførelesar kvar vår.

Ein ung mann held på å ordne papira sine.

Fartein Øverland i klasserommet for norskstuderande på Babes-Bolyai-universitetet.

- Men korleis er det for deg å bu i og arbeide i Romania?

- Eg har budd i universitetets sportspark med symjehall, laupebane, grusstigar med allé og parkområde med svære, gamle tre! Parken vart grunnlagt av sportsentusiasten Iuliu Haţieganu tidleg på 1930-talet når han var rektor ved Babeș-Bolyai-Universitetet. Parken husar også eit hotell for gjesteførelesarar og ein studentbustad for doktorgradsstudentar, der eg etter førespurnad fekk tilbod om leiga ein hybel. Hybelen er nokså einfelt, men leiga ligg til gjengjeld langt under marknadsprisen i Cluj (som er høgare enn i resten av Romania fordi mange av innbyggjarane i byen er høgtlønte i IT-bransjen). Før Covid-19-pandemien starta ein typisk arbeidskvardag med ein trikketur frå sportsparken til filologifakultetet og inneheldt undervising i fakultetets førelesningssalar og ofte ein kombinasjon av møte og lunsj med kollegiet i kantina eller vår stambistro rett attmed fakultetet. Kontoret vart nytta til møte og mottakingar, men det meste av individuelt kontorarbeid vart utført heime.

- Ja, det har jo vore ei lengre periode med pandemi. Korleis har eigentleg Covid-19 påverka arbeidssituasjonen din?

- Covid-19 endra arbeidssituasjonen min totalt. Litt uti vårsemesteret 2020 vart det vedteke at all undervisnings- og møteaktivitet ved fakultetet skulle gjennomførast digitalt, og dette har vorte fornya fram til inneverande semester, vårsemesteret 2022.

Overgangen var brå, og medarbeidarane på instituttet laut snøgt finna løysingar for å halda det faglege og sosiale læringsrommet ope; gjesteførelesningar vart til webinar, tavler til Jamboard og så bortetter. Det har vore utfordrande, men Fartein tykkjer også det har kome fram mange gode løysingar og digitale undervisningsmetodar, og desse verktøya vil også vera nyttige å kjenna til etter overgang til ordinær drift. Som eit døme, vil han trekkje fram den digitale drifta av studentkoret Glomma. 

- Me fann fort ut at jamvel nokre hundredels sekund forseinking av ljoden på videomøte gjorde det umogleg å syngja saman synkront og gjekk over til ei a-synkron form. Kvar deltakar tok opp si røyst og ein video over eit grunnspor, og så klypte me alt saman. Målet for kvar produksjon var å ha noko å visa fram på instituttets jule- og 17. mai-videoseminarfest. Ikkje ei fullgod erstatning for å stå og syngja på instituttbiblioteket og eta kaker saman etterpå, men ei erstatning lell. 

- Kva har du gjort på når du ikkje arbeider? Har Cluj mykje å tilby?

- Cluj er og på mange måtar ein unik by i Romania. Fyrst og fremst er byen prega av å vera ein universitetsby. Studentmiljøet tilfører byen eit overskot av ungdommeleg kultur innan kunst, musikk og litteratur, både i kommersielle og undergrunnsgenrar. Som multikulturell rumensk/ungarsk regionhovudstad i Transilvania er Cluj også høgt utvikla innan tradisjonelle kunstartar, m.a. med opera og teater på begge språk. 

I tida som utanlandslektor har Fartein hatt høve til å vitja store delar av Romania, både på offisielle reiser knytt til lektoratet, m.a. til Den norske ambassadens 17. mai-feiringar i Bukarest, Romanias hovudstad, og privat. Gode vener har invitert han med på hytteturar på landet og i den rumenske fjellheimen. Han har vore med å planta plommetre, vandra til toppen av Vârful Retezat – 13 meter høgare enn Galdhøpiggen – og bada i dei same varme, mineralrike kjeldene i Băile Herculane som legenda fortel om at den utmødde Herkules vann att kreftene i. 

-Det har vore ei fantastisk oppleving å vitja landsbygda i Romania, der mange skikkar – ikkje minst gjestfridom! – og eldre arbeidsmetodar og handverk vert halde i hevd. 

-Samla sett, kva har utanlandsopphaldet betydd for deg personleg?

-Opphaldet i Cluj har gjeve meg vener og minne for livet, både innanfor og utanfor fakultetet.

Utanlandslektorar er viktig for instituttet

Roxana Dreve er instituttleiar for det skandinaviske instituttet, som nyleg feira 30-årsjubileum. Instituttet har hatt utanlandsklektor i norsk med støtte frå Norge sidan 2015; den fyrste var Marte Reffhaug og deretter Fartein Øverland. 

Roxana Dreve er instituttleiar for det skandinaviske instituttet

- Kvifor er det viktig for instituttet å ha ein utanlandslektor frå Norge?

- Utanlandslektoren betyr så mykje, både for oss tilsette og for studentane våre! Vi har berre gode minne frå de to flotte lektorane våre, Marthe og Fartein. Dei har vore viktige støttespelarar for instituttet vårt. Studentane har fått moglegheit til å oppleve eit norsk miljø og på den måten forbetre sine norskkunnskapar. Instituttet har veldig god kontakt med HK-dir, NORLA, Ambassaden og fagmiljøet i Norge og dette samarbeidet har resultert i fleire konferansar, webinar og kulturarrangement – uforgløymelege opplevingar for våre studentar.  Norske utanlandslektorar, forfattarar og gjesteførelesarar har bidratt til å styrke norsktilbodet i Cluj.

Takka være våre utanlandslektorar har vi også formidla norsk kultur vidare i Romania ved hjelp av vår Facebook-side, der vi legg ut reportasjar på norsk, engelsk og rumensk frå aktivitetane knytte til norskundervisninga.  

Ved sida av undervisninga tilbyr Instituttet fleire utanomfaglege aktivitetar, som kor, byvandring, teater- og lesegruppe, osv. Det er ei lærerik erfaring og vi er takksame for å ha fått støtte frå våre utanlandslektorar til å organisere desse. Det har hjelpt oss å utvikle oss, ikkje berre som akademikarar, men også som menneske.

Meir om norskundervisninga i Cluj-Napoca

I 2021 gav Det skandinaviske instituttet ut to samlingar av faglege artiklar og personlege helsingar, ei i samband med Sanda Tomescu Bacius 65-årsdag og ei i samband med 30-årsjubileet til grunnlegginga av studieprogrammet i norsk språk og litteratur. Begge bøkene tilgjengeleg hos forlaget Presa Universitară Clujeană: