Høgare utdanning er ein arena for å utvikle norsk med nye presise omgrep, og dermed bygge opp under kvalitet i utdanningane.
Universitet og høgskolar har eit lovpålagt ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk som fagspråk. Som eit tiltak i dette arbeidet har dei fleste institusjonane utvikla språkstrategiar eller språkpolitiske retningsliner, som set retning for korleis institusjonen arbeider med denne problemstillinga.
Diku fekk sommaren 2020 i oppdrag å foreta ein gjennomgang av språkstrategiane for universitet og høgskolar. Formålet med gjennomgangen er å gi departementet ei fagleg vurdering av korleis UH-institusjonane utfører og utøver det lovpålagte ansvaret for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk som fagspråk, samtidig som dei også skal legge til rette for internasjonalisering. Det er eit underliggande premiss at bruken av engelsk aukar sterkt i norsk høgare utdanning.
Rapporten bygger på Diku sin gjennomgang av tilgjengelege språkstrategiar og språklege retningsliner, men også på data, utgreiingar og arbeid som andre institusjonar har gjort eller funne fram til og sett saman.