Rapport
Rapport
11.06.2021

Dikus rapportserie 9/2021 Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning

Diku presenterer med dette Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2021, etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Tilstandsrapporten skal vere eit viktig styringsdokument for både styresmaktene, forvaltningsorgana, og ikkje minst for sektoren sjølv. 

Utgiver: Diku

    Tilstandsrapporten ser på høgare yrkesfagleg utdanning frå ulike vinklar. I kapittel 3 ser vi nærmare på fagskulane. I 2020 blei det færre fagskular. Blant dei offentlege fagskulane hang utviklinga tett saman med fylkessamanslåingane, medan utviklinga i privat sektor handla om både oppkjøp og nyetableringar. Samstundes blei fagskulane større og det blei fleire studiestadar. Private fagskular vaks meir enn dei offentlege. Oslo har flest fagskular, men det er ei tydeleg spreiing òg blant dei store skulane, i sju fylke finst det fagskular med meir enn 1 000 studentar.

    Vi tar for oss utdanningstilbodet i kapittel 4. Det har vore ein tydeleg auke i talet på studietilbod det siste året, dette gjeld alle fag, men auken er særleg stor i økonomi- og administrasjonsfag. Talet på institusjonar med fagområdeakkreditering held seg på same nivå som året før, og det er flest slike knytta til helse og velferd. Dei ulike fagområda har ulik og tidvis ganske distinkte profilar når det gjelde studielengde og tilhøve mellom heiltid og deltid. Til dømes er helse og velferd prega av deltid og tilbod som gir fagskulegrad, medan tekniske fag gjerne er heiltid og gir høgare fagskulegrad. Vi ser ein tydeleg tendens til at nettbasert og samlingsbasert undervisning utgjer ein større andel av utdanningstilbodet i høgare yrkesfagleg utdanning.

    Kapittel 5 handlar om studentane, og mellom anna den store auken vi såg i 2020. Auken fordeler seg på alle fagområde, men er særleg stor i økonomi- og administrasjonsfaga. Vi ser òg ein stor auke i talet på studentar som er tatt opp på grunnlag av yrkesfagleg kompetanse – totalt 57 prosent av alle nye studentar i 2020. Om lag to tredelar av studentane er deltidsstudentar, slik som i 2019. Fordelinga mellom kvinner og menn er bortimot 50/50, men framleis er det store skilnader særleg innan helse og velferdsfaga og tekniske fag.

    Fleire studentar fullførte utdanninga si på normert tid i 2020 enn i åra før. Heile 66 prosent av studentane avslutta utdanninga si som forventa, mot 60 prosent året før. I kapittelet ser vi nærare på korleis fullføringsgraden fordeler seg på ulike variablar, og skisserer ulike forklaringar på endringa.

    Kapittel 6 viser det mest heilskaplege bilete av finansieringa av sektoren som vi nokon gong har presentert, med fleire kjelder enn tidlegare år. Samla sett disponerte fagskulane om lag 1,9 milliardar kroner i 2020. Om lag 44 prosent av midlane er tilskot til drift frå Kunnskapsdepartementet sitt budsjett. I tillegg kjem om lag sju prosent direkte til tre statlege fagskular. Studentbetaling utgjer om lag 37 prosent av den samla finansieringa, det aller meste innan privat sektor. I tillegg kjem finansiering frå fylkeskommunane sine eigne løyvingar med om lag fem prosent, og ulike prosjektbaserte midlar som vi viser for første gong i år, med seks prosent.