Sidan 1994 har EØS-midlane bidratt til å etablere og styrkje utdanningssamarbeid med partnarar i EU. På lik linje med Erasmus+ skal utdanningsprogrammet bidra til at fleire unge, gjennom studiar og opplæring, opparbeider seg naudsynt kompetanse etterspurt av arbeidslivet.
Go to English website for information in English.
EØS-midlane bidreg med over 85 millionar Euro til utdanningssamarbeid og mobilitet mellom norske skular og utdanningsinstitusjonar, private og offentlege verksemder, og tilsvarande partnarar frå eit utval land i sentral- og sør-Europa. Kvart av dei europeiske landa har ulik fokus og innretning, men skal alle overordna bidra til enhanced human capital and knowledge base. Midlane er tett knytt opp mot europeiske mål på utdanningsområdet og skal bidra til å nå måla frå EU’s Education and training 2020 Framework. Utdanningsprogrammet er difor og relevante for norske prioriteringar på området.
Yrkesfagleg utdanning og livslang læring er overordna prioriteringar i utforminga av utdanningsprogramma, men utdanningsprogrammet støtterog hele læringsløpet. Ordninga støttar ei rekke forskjellege aktivitetar som mellom anna skal bidra til:
Så langt i perioden har det vore gjennomført 54 utlysingar relatert til utdanning i ni land. Over 650 prosjekt er så langt finansiert, og norske institusjonar deltek i om lag sytti prosent av desse prosjekta. Under følger ein oversikt over dei europeiske landa som i inneverande periode har lyst ut midlar til utdannings- og mobilitetsprosjekt. I løpet av hausten 2022 vil den siste utlysinga i denne perioden bli lansert.
Land | Status |
Estland | Alle utlysnigar er lukka. |
Kroatia | Alle utlysingar er lukka. |
Latvia | Alle utlysingar er lukka. |
Alle utlysingar er lukka. | |
Portugal | Alle utlysingar er lukka. |
Romania | Alle utlysingar er lukka. |
Slovakia | Alle utlysingar er lukka. |
Slovenia | Alle utlysingar er lukka. |
Tsjekkia | Alle utlysingar er lukka. |
På grunn av covid-19 pandemien er fleire prosjekt forsinka i si implementering. Likevel finnes det ei rekke gode eksemplar på spennande samarbeidsprosjekt mellom Noreg og dei europeiske samarbeidslanda. Klikk her for ein fullstending oversikt over dei EØS-finansierte prosjekta.
Les meir om utvalde prosjekt:
Flere prosjekteksempler vil bli publisert fortløpende.
Samarbeid over landegrenser og interkulturell dialog blir stadig viktigare for å møte dei problema verda står ovanfor. Utdanning på alle nivå har ein viktig rolle i å møte dessa problema. EØS-midlane er derfor eit verkemiddel som legg godt til rette for møter mellom enkelt menneske og som bidreg til økt toleranse og fleirkulturell kompetanse. Å delta i internasjonale samarbeidsprosjekt bidrar og til å heve kvaliteten og relevansen av norsk utdanning både for den enkelte, skulen, lokalmiljøet, arbeidslivet og samfunnet elles. Samarbeid driver innovasjon og sikrar at folk har dei naudsynte evnene og kunnskapen for arbeidsmarknaden.
Å styrke bilateral kontakt og samarbeid i utdanningssektoren mellom Noreg og land i sentral- og sør-Europa er eit av to hovedmål i EØS-midlane. Partnarskap er difor ein sentral deil av programmet, og av og til ein forutsetning for prosjektfinansiering. Det er likevel fleire gode grunner til å delta i eit prosjekt finansiert av EØS-midlane:
Prosjektmidlar
Hovuddelen av midlane vert lyst ut som prosjektmidlar, men kvart land har og bilaterale midlar tilgjengeleg. Dette kan omfatte følgjande aktivitetar:
Bilaterale midlar
I tillegg til prosjektmidlane vil det lysast ut såkalla bilaterale midlar i alle land. Bilaterale midlar kan brukast til førebuande og/eller studiebesøk og andre lågterskeltiltak som kan bidra til at institusjonar frå Norge og dei europeiske landa kan etablere kontakt og utvikle samarbeid. Det er ikkje krav om at det resulterer i ein prosjektsøknad.
Utlysningar av bilaterale midlar er normalt løpande og handsamingstida er kort, og norske institusjonar og skular kan og koordinere søknader om desse midlane.
Finn oversikt over opne utlysingar for bilaterale midlar til førebuande besøk/aktivitet her.
Skular, høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar, offentlege verksemder, private verksemder m.m. kan alle delta i prosjekt under EØS-midlane. Kvart land og utlysing har ulike mål og prioriteringar i sine program og dette vil påverke kva type institusjonar og fagmiljø i norsk utdanningssektor som er relevant.
Merk at når det gjeld søknadar på prosjektmidlar så er det alltid den europeiske partnaren som er prosjektkoordinator, og som formelt er ansvarleg for å søkje. Når det gjeld bilaterale midlar vil og norske institusjonar kunne søke. Bilaterale midlar er øyremerka for førebuande besøk og partnarsøk i dei europeiske samarbeidslanda.
Er du interessert i internasjonalt samarbeid er det beste rådet å vere aktiv. Ikkje sit og vent på at ein europeisk partner skal kontakte deg, ta grep sjølv for å finne ein god partnar. Sjølv om det er den europeiske partnaren som alltid er prosjektkoordinator bør den norske partnaren ta del i utvikling av prosjektet, sikre at samarbeidet er godt forankra på eigen skule eller institusjon og setje seg nøye inn i kva prosjektet krev m.o.t. aktivitetar, økonomi og rapportering. All erfaring i programmet tilseier at dei beste prosjekta blir til der både norsk og europeisk partnar er engasjert og utviklar prosjektide og -skisse i samarbeid.
Utlysningar blir gjort tilgjengelege i Dikus oversikt over programmer og tilskudd. I kvar utlysning vil søknadsprosedyre, krav til dokumentasjon, fristar m.m. vere beskrive. Merk at det alltid er den europeiske partneren som er prosjektkoordinator og dermed og formelt står for å sende inn søknaden.
EØS-midlane har forskrifter, Regulations, som er det grunnleggande dokumentet for heile ordninga og regulerer alle forhold ved prosjektsamarbeid finansiert av EØS-midlane. Det er ikkje forventa at norske prosjektpartnarar skal setje seg inn i dette regelverket, men det er greitt å vite kvar ein finn dette om ein har behov for dette.
Desse dokumenta er å finne på sekretariatet til EØS-midlane sine nettsider
Dei fleste utlysningane har 100% finansiering, men i nokon tilfelle ber utlysinga om 10% eigenfinansiering i prosjektet. Det vanlege er at dette vert dekka av prosjektkoordinator sjølv om man kan avtale at partnar bidreg.
I søknadsprosessen må man som partner minst gi samtykke gjennom eit “Letter of intent”. For større prosjekter kan det være snakk om ein meir omfattande stadfesting. Derfor er det alltid viktig å lese gjennom utlysingsteksten for det aktuelle programmet før søknad utarbeidast og avtale signerast. Dette er viktig sølv om det er prosjektkoordinator som er ansvarleg for søknaden.
Når kontakt er etablert, er det viktig å klarlegge kva man kan bidra med og kva for ein premisser dette må skje på, ikkje minst med tanke på økonomiske forhold. I mange tilfelle kommer førespurnad om samarbeid med kort frist. Vurder i så fall nøye kva for ein forplikting prosjektet innebærer. Vi anbefaler generelt at begge parter deltar aktivt i utforminga av prosjektet, men om det ikkje er tid til det, må ein vurdere om man kan stå inne for innhaldet.
Vær også obs på at om man deltar i prosjekter i fleire land, så kan reglene variere noko frå land til land.
Det er viktig at du som partnar sjekke utkastet til avtale med omsyn til kva man skal levere, både av fagleg input, ressursar og økonomi, krav til dokumentasjon etc. Eit område som er særleg relevant overfor nokre land er krav om anbodsinnhenting, der nokre land har svært rigide regler. Men hovudregelen for all økonomisk aktivitet er at man skal følge nasjonale regler, det vil sei norske regler for det som gjelder norske deltakare og aktivitet i Norge.
Partnarskapsavtalen bør innehalde føljande:
Når kontrakten mellom partnerane er signert er begge partar bunden av avtalen. Mindre justeringar vil normalt kunne finne stad, medan meir omfattande endringar, for eksempel endring av forutsetningar, vil krevje en godkjenning frå programoperatøren.
Det er viktig at du som partnar sjekke utkastet til avtale med omsyn til kva man skal levere, både av fagleg input, ressursar og økonomi, krav til dokumentasjon etc. Eit område som er særleg relevant overfor nokre land er krav om anbodsinnhenting, der nokre land har svært rigide regler. Men hovudregelen for all økonomisk aktivitet er at man skal følge nasjonale regler, det vil sei norske regler for det som gjelder norske deltakare og aktivitet i Norge.
I eitkvart samarbeid kan det oppstå utfordringar, som til dømes:
Kontrakter og dokumentasjon på nasjonalt språk. Alle dokument som gir rammer og avgrensingar for prosjektet skal vere tilgjengeleg på engelsk. Be gjerne om tilgang til alle relevante dokument og eit godt råd er å aldri signere dokument på eit språk du ikkje forstår. I dei aller fleste prosjekt er utfordringane som nemnde over av liten eller forbigåande betydning. Dette er generelle utfordringar som også gjelder andre land og andre utdanningsprogram, som t.d. Erasmus+. Hovudbodskapen er å være nøye, avklare rammevilkår og forventningar, samt kommunisere tydeleg, så kan man spare seg for problem. Erfaring frå Erasmus+-samarbeid vil vere ein fordel då dei to programma er like på mange måtar. Ein skilnad er likevel at i Erasmus+ er det sentralt fastsette regler som gjeld for alle prosjekt og alle land, medan i EØS-midlane kan mål og prioriteringar variere frå land til land og nasjonale regler kan slå inn på enkelte områder sjølv om dei grunnleggande reglane for programgjennomføring er dei same for alle.
Det er mange forhold som kan endre seg over tid, folk blir sjuke eller sluttar, eller premissene endrar seg. Aktuell løysning vil avhenge av grunnlaget for terminering og tidspunktet i prosjektforløpet som beskrive i partnarskapsavtalen.
Normalt skal Partnarskapsavtalen være tydeleg nok og gi retningslinjer for konflikthandtering. Om prosjektpartnarane ikkje sjølv vert samde må ein ta det opp med programoperatøren i landet. Vi tilrår at om samarbeidet skulle ende i ei konflikt og eksterne vert involvert, ta og kontakt med oss. Det er programoperatøren sitt ansvar å følgje opp og å bidra til ei løysing, men vi vil då kunne følgje opp og sikre at dette blir gjort på tilfredsstillande måte.
Merk at det er nulltoleranse for uetisk verksemd, korrupsjon o.l.. Ved reell mistanke må slik åtferd skal dette tas opp, slik at dei nasjonale styresmaktene i det aktuelle landet kan ta tak i dette. Ved slik mistanke, ta kontakt med Diku.
Utdanningsprogrammet i EØS-ordninga er sterkt påverka av koronasituasjonen, og vi ser at dette har hatt store konsekvensar for prosjekt der mobilitet eller andre aktivitetar no ikkje har vore mogleg å gjennomføre som planlagt.
EØS-midlane skil seg ut frå andre program som Diku administrerer ved at midlane vert forvalta av dei europeiske samarbeidslanda. Diku har difor ikkje ansvaret for sjølve programforvaltninga i programmet, og er ikkje involvert i alle beslutningar som no vert fatta frå land til land (ver obs på at tiltak som vert iverksett kan variere frå land til land). Alle norske prosjektdeltakarar må difor forhalde seg til sin prosjektpartner i sitt samarbeidsland, som igjen skal få informasjon og retningslinjer frå programoperatøren i det aktuelle landet.
Sekretariatet for EØS-midlane, Financial Mechanism Office (FMO), kom med følgjande melding til samtlege programoperatørar om korleis prosjekt finansiert gjennom EØS-midlane (EEA/Norway Grants) skal forholde seg til kostnader og avlyste aktivitetar som følgje av koronasituasjonen. Dette gjeld for alle prosjekt og i land involvert i EØS-ordninga:
Eligibility of expenditures linked to non-execution of activities due to Corona virus
Expenditure for an activity that cannot be executed due to unforeseeable circumstances and exceptional situations caused by the Corona virus developments which are beyond the control of the beneficiary, may still be eligible, if the related costs could not have been avoided or recovered by any form of insurance.
Example: Airline tickets/hotel reservations for attending a meeting related to the action. The flight is cancelled/or the ticket is not used due to the Corona virus developments preventing the beneficiary from travelling to the meeting. If the related expenditures fulfil the general eligibility principles of expenditures laid down in article 8(2) of the Regulations applicable to the EEA/Norway Financial Mechanism, or the Programme Implementation Agreements with the fund operators, they are eligible.
The entity/person concerned must however quickly put in place all possible measures to limit the damage caused by the unforeseeable circumstances, including measures to limit the related costs, e.g. by cancelling hotel bookings as soon as possible or seeking reimbursement from any form of insurance, if available.
The related costs should be properly documented, including with the correspondence about the cancellation of the event/travel, and supported by this communication of the FMO. The Programme Operators/Certifying Authorities and the Fund Operators shall remain responsible for verifying and certifying the costs and make sure that they comply with the eligibility principles and the conditions set out in this message.
This communication cannot be used to justify situations caused by negligence or by events that could reasonably have been anticipated nor by personal reasons.
Vi vil oppmode alle norske prosjektpartnarar om å halde ein god og tett dialog med sin partnar i dei ulike samarbeidslanda. Skulle du, som norsk prosjektpartnar i eit prosjekt finansiert av EØS-midlane, oppleve utfordringar som urimelege økonomiske krav eller andre ting som avvik stort frå ordinær praksis (utover det eit europeisk utdanningssamarbeid normalt kan by på) vil vi gjerne vite det. Du kan då kontakte oss på epost.
EØS-midlane er Noreg, Island og Liechtenstein sitt bidrag til EU i høve EØS-avtalen, og storleiken på bidraget blir forhandla i forkant av kvar programperiode. I inneverande programperiode (2014-21) er bidraget på totalt 2.8 milliardar euro, og består av to ordningar. Den eine er finansiert av Noreg åleine, og utgjer 1,25 milliardar euro. Den andre er finansiert av dei tre givarlanda der Noreg sitt bidrar utgjer 1,55 milliardar euro (96%). I begge ordningane, som på norsk heiter EØS-midlane, er det er totalt 15 land som kan få bidrag frå EØS-midlane, fordelt på totalt fem sektorar
EØS-midlane blir fordelt mellom dei landa i Europa som har ei brutto nasjonalinntekt per innbyggjar på 90 % eller lågare enn gjennomsnittet for EU. Når bidraget og fordeling av dette er avklart forhandlar gjevarlanda med kvart av mottakarlanda for å avklare kva sektor(ar) programmet i dei ulike landa skal omfatte. Forhandlingane resulterer i ein avtale som beskriv hovudelementa for det einskilde landet og som dannar grunnlaget for den endelege utforminga av tiltaka. (Memorandum of Understanding – MoU).
Det overordna føremålet å bidra til sosial og økonomisk utjamning i Europa, og samstundes styrke relasjonane og samarbeidet mellom Noreg og dei europeiske landa. Midlane kan nyttes fram til april 2024.
Samlet omfattar EØS-midlane fem sektorar:
Målsettingar i dei forskjellige programma i EØS-midlane er beskrive i ein programavtale mellom mottakarlandet og givarlanda. Denne avtalen ligger til grunn når mottakarlanda lyser ut prosjektmidlar.
Kva er Dikus rolle i EØS-midlene?
Diku er ein av tre givarlandpartnerar (Donor Programme Partner – DPP) for sektoren Innovasjon, forsking, utdanning og konkurranseevne, saman med Forskningsrådet og Innovasjon Norge. Dette betyr at vi bistår Utanriksdepartementet, EØS-midlanes sekreteriat og dei europeiske mottakarlanda med råd og rettleiing til implementeringa av utdanningsprogram og -komponentar. I tillegg har vi ansvar for å gjere moglegheitene for europeisk utdanningssamarbeid finansiert gjennom EØS-midlane kjent blant relevante institusjonar, skular og fagmiljø i Noreg.
Diku forvalta ikkje EØS-midlane på lik linje som andre Diku-program men har ein rådgivande rolle. EØS-midlane vert forvalta av ein nasjonal programoperatør (Program Operator – PO) i kvart av dei europeiske landa som lyser ut midlar. Det er dei som vurderer søknader og tildeler midlane.
Kven er kven i EØS-midlane?
I kontakten med partnarane vil ein møte på ulike aktørar, og det kan være nyttig å vite kven dei er og kva dei gjer: