Eurydice

Eurydice er eit europeisk nettverk av EU-medlemsland, Norge og Island. Nettverket samlar inn og spreier informasjon om utdanning i desse landa.

    Kva gjer Eurydice?

    Gjennom arbeidet med Eurydice utarbeider Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse rapporter som gjev god innsikt i norsk utdanning på engelsk, og også tilgang til rapportar om utdanning i dei andre landa. 

    Vi legg informasjon om norsk utdanning inn i generell informasjon om utdanning i Europa. I tillegg deltek vi med informasjon om norske tilhøve innan prioriterte tema.

    Nasjonale nyheitssaker kan handle om aktuelle utviklingsdrag i Noreg.

    Om programmet

    Kontor i Europa

    EACEA Eurydice Unit

    Postal Address:

    EACEA A7 Eurydice Education Audiovisual & Culture Executive Agency Avenue du Bourget 1 - J-70 BE-1049 Brussels

    Physical Address: (for visitors only)

    Rue Joseph II 70 - 1st floor - Bloc D BE-1000 Brussels.

    E-Mail: eacea-eurydice@ec.europa.eu 

    Kontor i Norge

    Norwegian National Eurydice Unit

    Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
    Postboks 1093 
    5809 Bergen 

    Kontaktperson: Seniorrådgiver Ane Landøy, ane.landoy@hkdir.no 

    Meir informasjon

    Spørsmålsforum

    Eurydice har også eit spørsmålsforum der dei nasjonale einingane kan legge inn spørsmål og få svar frå andre nasjonale einingar. Vi kan dermed få svar på aktuelle utdanningsspørsmål, og også hjelpe andre som har spesifikke utdanningspolitiske spørsmål til andre land. Døme på slike spørsmål kan vere «stipendordningar for studentar frå familiar med låg inntekt»,  «tilgang til vaksenopplæring» eller «heimeundervisning under covid-19-pandemien».

    Om du vil ha nytte av å stille spørsmål til dette forumet, ta kontakt.

    Nasjonale nyheitssaker

    Vaksenopplæring i Europa

    Eurydice-rapporten Adult education and training in Europe. Building inclusive pathways to skills and qualifications frå september 2021 handlar om vaksenopplæringa i dagens Europa.

    Rapporten viser kva for tilnærmingar dei ulike europeiske landa nyttar på nasjonalt nivå for å fremje livslang læring, med særleg fokus på politikkutforming og tiltak som støtter moglegheitene for livslang læring blant vaksne med svake ferdigheiter og låge kvalifikasjonar.

    Blant temaa i rapporten er nasjonale ordningar for samordning av politikk og tiltak for vaksnes læring, offentleg subsidierte vaksenopplæringsprogram, økonomiske insentiv for vaksne med låge kvalifikasjonar, fleksible læringsvegar, realkompetanse og karriererettleiing.

    Den viktigaste informasjonskjelda for rapporten er dei dataa som blei samla inn av dei nasjonale Eurydice-einingane, i alt 42 einingar frå 37 land. Desse dataa er supplerte med informasjon frå mellom anna Cedefop, Eurostat og OECD.

    Noreg kjem godt ut av denne undersøkinga, med låg prosentdel lågt kvalifiserte vaksne i befolkninga samanlikna med Europa totalt sett. Mange av desse vaksne i Noreg med låge kvalifikasjonar deltek i utdanning og opplæring, dessutan har Noreg ein høg grad av politikkutforming retta mot vaksnes læring.

    Organiseringen av skoletid i Europa

    Grunnskole og generell videregående opplæring – 2021/22

    Hvordan er skoleåret organisert over hele Europa? Til tross for noen forskjeller, ser vi likheter mellom land når det gjelder strukturen i skolekalenderne. I 10 land/regioner starter skolen vanligvis i august. Det viser rapporten The Organisation of School Time in Europe, publisert i 2021.

    Landene der skoleåret begynner tidligst er Danmark og Tyskland. Når det gjelder antall skoledager, varierer det mellom 165 dager i Albania og Malta, og 200 dager i Danmark og Italia. Generelt er antall skoledager det samme i grunnskolen og videregående opplæring, men det er noen få unntak: i Frankrike og Serbia (begge i videregående opplæring), i Litauen og Romania for eksempel, er antall skoledager høyere i videregående opplæring enn i grunnskolen.

    Rapporten, basert på nasjonale data, gir en oversikt over skoleårets lengde, start- og sluttdatoer, tidspunktet og lengden på skoleferier og antall skoledager. Den dekker både grunnskolen og generell videregående opplæring, og sentrale poeng er illustrert med sammenligningstall. Informasjonen er tilgjengelig for 37 land som deltar i EUs Erasmus+ -program (27 EU-medlemsstater, Albania, Bosnia -Hercegovina, Sveits, Island, Liechtenstein, Montenegro, Nord -Makedonia, Norge, Serbia og Tyrkia).

    Organisering av studieåret i Europa – 2021/22.

    Den faglige kalenderen viser nasjonale data om hvordan studieåret er strukturert (begynnelsen av studieåret, terminperioder, ferier og eksamensperioder). Forskjeller mellom universitets- og ikke-universitetsstudier blir også fremhevet. Informasjonen er tilgjengelig for 37 land i rapporten . Les hele rapporten The Organisation of the Academic Year i Europe