Fagskulemeldinga (Meld. St. 9 (2016-2017)) Fagfolk for fremtiden vart vedteke av Stortinget våren 2017. Samtidig vedtok Stortinget at dei kvalitetsfremjande tiltaka i meldinga skulle evaluerast etter tre og fem år. Denne evalueringa er gjennomført av Deloitte på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) i perioden 2020-22.
Ei evaluering er i denne samanhengen ei systematisk datainnsamling, analyse og vurdering av tiltaka som vart lanserte i Fagskulemeldinga. Evalueringa har tre formål:
Deloitte har levert tre delrapportar. Den første delrapporten i prosjektet vart levert i januar 2021. Den gir en oversikt over status for implementeringa av tiltaka i fagskulemeldinga.
Den andre delrapporten (mars 2022) gir eit oversyn over korleis finansieringssystemet fungerer for dei ulike aktørane og kva rolle finansieringssystemet spelar i arbeidet med å heve kvaliteten og forbetre samanhengen mellom kompetansebehovet i arbeidslivet og utdanningstilboda innan høgare yrkesfagleg utdanning. Denne rapporten har også vore på offentleg høyring i 2022.
Sluttrapporten, som er gjort offentleg i mars 2023, har eit hovudfokus på dei kvalitetshevande tiltaka frå fagskulemeldinga. I evalueringsarbeidet har Deloitte nytta ei rekke kjelder, mellom anna dokumentanalysar, registerdata, intervju med eit stort utval representantar i sektoren i fleire rundar over to år, samt eigne spørjeundersøkingar. Mot slutten av evalueringsperioden gjennomførte Deloitte også ein evalueringsworkshop med eit breitt utval av representantar frå sektoren for å teste ut nokre av konklusjonane.
Evalueringa viser at dei aller fleste av dei 48 tiltaka i fagskulemeldinga er gjennomført og har hatt ein positiv effekt på kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning. Evalueringsrapporten peikar likevel også på fleire utfordringar som der er viktig å ta tak i framover. Dette er mellom anna knytt til organisering og styring, kunnskapsgrunnlaget og kvalitet i utdanningane.
Har du spørsmål om evalueringa kan du rette dei til: