Kvalifiseringsliste for tilleggsstipend

Norske studentar kan ha rett på ekstra stipend frå Lånekassen når dei studerer ved enkelte utanlandske universitet og høgskular av særs høg kvalitet . Her finn du oppdatert liste over desse institusjonane. 

Tilleggsstipend til høgare utdanning utanfor Norden 2019/20

Norske statsborgarar får ved utanlandstudiar utanfor Norden som hovudregel dekka skulepengar med inntil 134 000 kr i året. Dei som må betale meir kan få ytterlegare støtte, anten i form av ekstralån (kr 104 000) eller, ved utvalde lærestader av særs høg kvalitet utanfor Norden, som såkalla tilleggsstipend (inntil 72 000 kr). Totalt kan ein da få inntil 310 000 kr i lån og stipend per undervisningsår.  Desse satsane er for 2019/20. 

 

Det er berre lærestadane som står på kvalifiseringslista for tilleggsstipend som utløyser rett til tilleggsstipend. Kvalifiseringslista er ei kvalitetsrangering og er sett opp utan omsyn til kor vidt lærestadane krev skulepengar i det heile eller kor vidt skulepengane er så høge at ein treng tilleggsstipend for å dekke dei. Mange lærestader på kvalifiseringslista for tilleggsstipend har ikkje skulepengar. Skulepengar er i seg sjølv ikkje eit kvalitetsmål: at ein lærestad krev høge skulepengar betyr ikkje at utdanninga der er av betre kvalitet enn hos ein lærestad som ikkje krev skulepengar. 

Merk: Lånekassen betaler ut tilleggsstipend. Diku har fått delegert ansvaret frå Kunnskapsdepartementet til å setje opp kvalifiseringslista. Lånekassen skriv på sine sider at ein ikkje treng å søke spesielt for å få tilleggsstipend. 

Kvalifiseringslista for tilleggsstipend byggjer på to internasjonale rangeringar av forskingsuniversitet frå heile verda. Dei to rangeringane  er Times Higher Education si rangering over verdsuniversitet og Academic Ranking of World Universities - ARWU. ARWU vert òg kalla  Shanghai-rangeringa. Plasseringa i kvar av desse to rangeringane vert slege saman til ein poengsum for institusjonen. Denne er så brukt for å rangere kvalifiseringslista for tilleggsstipend. Lånekassen gjer utrekningar som avgjer kor mange plassar det vert på lista.

Kva skjer når kvalifiseringslista vert endra frå år til år?

Kvalifiseringslista vert revidert kvart år. Dersom du er i gong med ein grad ved ein lærestad som då du byrja sto på kvalifiseringslista, vil du behalde tilleggsstipendet for heile graden sjølv om lærestaden fell ut av lista ved ei seinare revidering. Dersom du går på ein lærestad som ved listerevidering etter at du har byrja kjem inn under ordninga, har du rett på tilleggstipend frå og med det skuleåret der lærestaden kom med og til du har fullført grada di. Dersom lærestaden din kjem inn på lista medan du er under utdanning kan du ikkje krevje tilleggsstipend bakover i tid. For enkeltvise utvekslingssemester som del av ein grad er det kvalifiseringslista for det skuleåret utvekslinga skjer som gjeld, sjølv om utvekslinga har vore planlagt i fleire år. Merk at for enkeltvise utvekslingssemester kan norske lærestader ha samarbeidsavtalar som reduserer skulepengesatsen for deira studentar. 

Lista for studieåret 2019/20

For skuleåret 2019/20 er det 141 institusjonar på lista, som er ordna alfabetisk på land. Lærestadene er igjen oppført alfabetisk under kvart land. Talet på godkjende lærestader per land står i parentes. Merk at der namnet på lærestaden peikar mot ein særskild campus eller avdeling av lærestaden, så er det berre denne campusen/avdelinga som kvalifiserer til tilleggsstipend. Til dømes har University of California ti ulike campusar, men berre sju av dei kvalifiserer til tilleggsstipend.

Australia (8)

Australian National University

Monash University

University of Adelaide

University of Melbourne

University of New South Wales

University of Queensland

University of Sydney

University of Western Australia

Belgia (3)

Catholic University of Louvain

Ghent University

KU Leuven

Canada (6)

McGill University

McMaster University

University of Alberta

University of British Columbia

University of Montreal

University of Toronto

Frankrike (3)

Ecole Normale Superieure - Paris

Sorbonne University - Paris

Paris-Sud University (Paris 11)

Irland (1)

Trinity College Dublin

Japan (2)

Kyoto University

University of Tokyo

Kina inkl. Hong Kong (9)

Fudan University

Peking University

Shanghai Jiao Tong University

Tsinghua University

University of Science and Technology of China

Zhejiang University

  

Chinese University of Hong Kong 

Hong Kong University of Science and Technology

University of Hong Kong

Nederland  (9)

Delft University of Technology

Erasmus University Rotterdam

Leiden University

Radboud University Nijmegen

University of Amsterdam

University of Groningen

Wageningen University

Utrecht University

VU University Amsterdam

Russland (1)

Lomonosov Moscow State University

Singapore (2)

Nanyang Technological University

National University of Singapore

Storbritannia (20)

Cardiff University

Imperial College London

King's College London

London School of Economics and Political Science (LSE)

Queen Mary University of London

University College London

University of Birmingham

University of Bristol

University of Cambridge

University of Edinburgh

University of Exeter

University of Glasgow

University of Leeds

University of Liverpool

University of Manchester

University of Nottingham

University of Oxford

University of Sheffield

University of Southampton

University of Warwick

Sveits (6)

Swiss Federal Institute of Technology Lausanne (EPLF)

Swiss Federal Institute of Technology Zurich (ETH)

University of Basel

University of Bern

University of Geneva

University of Zurich

Sør-Korea (2)

Seoul National University

Sungkyunkwan University (SKKU)

Taiwan (1)

National Taiwan University

Tyskland (11)

Heidelberg University

RWTH Aachen University

Technical University Munich

TU Dresden

University of Bonn

University of Freiburg

University of Göttingen

University of Hamburg

University of Munich (LMU)

University of Tübingen

University of Würzburg

USA (56)

Arizona State University

Boston University

Brown University

California Institute of Technology

Carnegie Mellon University

Case Western Reserve University

Columbia University

Cornell University

Dartmouth College

Duke University

Emory University

Georgia Institute of Technology

Harvard University

Indiana University - Bloomington

Johns Hopkins University

Massachusetts Institute of Technology (MIT)

Michigan State University

New York University

Northwestern University

Ohio State University - Columbus

Pennsylvania State University - University Park

Princeton University

Purdue University - West Lafayette

Rice University

Rutgers, The State University of New Jersey - New Brunswick

Stanford University

Texas A&M University

Tufts University

University of Arizona

University of California, Berkeley

University of California, Davis

University of California, Irvine

University of California, Los Angeles

University of California, San Diego

University of California, Santa Barbara

University of California, Santa Cruz

University of Chicago

University of Colorado at Boulder

University of Florida

University of Illinois at Urbana-Champaign

University of Maryland, College Park

University of Michigan-Ann Arbor

University of Minnesota, Twin Cities

University of North Carolina at Chapel Hill

University of Pennsylvania

University of Pittsburgh, Pittsburgh Campus

University of Rochester

University of Southern California

University of Texas at Austin

University of Texas Southwestern Medical Center at Dallas

University of Virginia

University of Washington

University of Wisconsin - Madison

Vanderbilt University

Washington University in St. Louis

Yale University

Østerrike (1)

University of Vienna