Kvalifiseringsliste for utvida stipend til dekning av skulepengar ved utvalde lærestader i land utanfor Norden

Norske studentar kan ha rett på utvida stipend frå Lånekassen når dei studerer ved enkelte utanlandske universitet og høgskular av særs høg kvalitet. Her finn du oppdatert liste over desse institusjonane. 

Utvida stipend til dekning av skulepengar ved utvalde lærestader 2021/22

Norske statsborgarar får ved utanlandstudiar utanfor Norden som hovudregel dekka skulepengar med inntil 136 294 kr i året. Dei som må betale meir kan få ytterlegare støtte ved utvalde lærestader av særs høg kvalitet utanfor Norden, som såkalla utvida stipend til dekning av skulepengar (tidlegare tilleggsstipend) (inntil 73 694 kr) eller i form av ekstralån (kr 105 601 kr) eller. Totalt kan ein da få inntil 315 589 kr i lån og stipend per undervisningsår. Desse satsane er for 2020/21. 

Det er berre lærestadane som står på kvalifiseringslista for utvida stipend til dekning av skulepengar som utløyser rett til utvida stipend. Kvalifiseringslista er ei kvalitetsrangering og er sett opp utan omsyn til kor vidt lærestadane krev skulepengar i det heile eller kor vidt skulepengane er så høge at ein treng utvida stipend for å dekke dei. Mange lærestader på kvalifiseringslista for utvida stipend har ikkje skulepengar. Skulepengar er i seg sjølv ikkje eit kvalitetsmål: at ein lærestad krev høge skulepengar betyr ikkje at utdanninga der er av betre kvalitet enn hos ein lærestad som ikkje krev skulepengar. 

Merk: Lånekassen betaler ut utvida stipend til dekning av skulepengar ved utvalde lærestader i land utanfor Norden. Diku har fått delegert ansvaret frå Kunnskapsdepartementet til å setje opp kvalifiseringslista. Lånekassen skriv på sine sider at ein ikkje treng å søke spesielt for å få utvida stipend.

Kvalifiseringslista for utvida stipend byggjer på to internasjonale rangeringar av forskingsuniversitet frå heile verda. Dei to rangeringane  er Times Higher Education si rangering over verdsuniversitet og Academic Ranking of World Universities - ARWU. ARWU vert òg kalla Shanghai-rangeringa. Plasseringa i kvar av desse to rangeringane vert slege saman til ein poengsum for institusjonen. Denne er så brukt for å rangere kvalifiseringslista for utvida stipend. Lånekassen gjer utrekningar som avgjer kor mange plassar det vert på lista.

Kva skjer når kvalifiseringslista vert endra frå år til år?

Kvalifiseringslista vert revidert kvart år. Dersom du er i gong med ein grad ved ein lærestad som då du byrja sto på kvalifiseringslista, vil du behalde utvida stipend for heile graden sjølv om lærestaden fell ut av lista ved ei seinare revidering. Dersom du går på ein lærestad som ved listerevidering etter at du har byrja kjem inn under ordninga, har du rett på utvida stipend frå og med det skuleåret der lærestaden kom med og til du har fullført grada di. Dersom lærestaden din kjem inn på lista medan du er under utdanning kan du ikkje krevje utvida stipend bakover i tid. For enkeltvise utvekslingssemester som del av ein grad er det kvalifiseringslista for det skuleåret utvekslinga skjer som gjeld, sjølv om utvekslinga har vore planlagt i fleire år. Merk at for enkeltvise utvekslingssemester kan norske lærestader ha samarbeidsavtalar som reduserer skulepengesatsen for deira studentar.  

Kontakt

Har du spørsmål? Ta kontakt med Nataskja-Elena Kersting Lie.

Lista for studieåret 2021/22

For skuleåret 2021/22 er det 146 institusjonar på lista, som er ordna alfabetisk på land. Lærestadene er igjen oppført alfabetisk under kvart land. Talet på godkjende lærestader per land står i parentes. Merk at der namnet på lærestaden peikar mot ein særskild campus eller avdeling av lærestaden, så er det berre denne campusen/avdelinga som kvalifiserer til utvida stipend. Til dømes har University of California ti ulike campusar, men berre seks av dei kvalifiserer til utvida stipend.

  • Australia (8)
    • Australian National University    
    • Monash University    
    • University of New South Wales (UNSW)
    • University of Adelaide    
    • University of Melbourne 
    • University of Queensland    
    • University of Sydney    
    • University of Western Australia    
  • Belgia (4)
    • Catholic University of Louvain    
    • Ghent University    
    • KU Leuven
    • Université Libre de Bruxelles
  • Brazil (1)
    • University of São Paulo
  • Canada (7)
    • McGill University    
    • McMaster University    
    • University of Alberta    
    • University of British Columbia    
    • University of Montreal    
    • University of Ottawa    
    • University of Toronto
  • Frankrike (4)
    • Ecole Normale Superieure - Paris    
    • Paris-Sud University (Paris 11)    
    • Sorbonne University    
    • Université de Paris
  • Irland (1)
    • Trinity College Dublin
  • Israel (1)
    • Hebrew University of Jerusalem
  • Japan (2)
    • Kyoto University    
    • University of Tokyo
  • Kina, inkludert Hong Kong (9)
    • Fudan University    
    • Nanjing University    
    • Peking University    
    • Shanghai Jiao Tong University    
    • Tsinghua University    
    • University of Science and Technology of China    
    • Zhejiang University        
    • Chinese University of Hong Kong    
    • University of Hong Kong
  • Nederland (9)
    • Delft University of Technology    
    • Erasmus University Rotterdam    
    • Leiden University    
    • Radboud University Nijmegen    
    • University of Amsterdam    
    • University of Groningen    
    • Utrecht University    
    • VU Amsterdam    
    • Wageningen University
  • Russland (1)
    • Lomonosov Moscow State University
  • Singapore (2)
    • Nanyang Technological University    
    • National University of Singapore
  • Storbritannia (21)
    • Cardiff University    
    • Imperial College London    
    • King's College London    
    • London School of Economics and Political Science (LSE)    
    • Queen Mary University of London    
    • University College London (UCL)    
    • University of Birmingham    
    • University of Bristol    
    • University of Cambridge    
    • University of Edinburgh    
    • University of Exeter    
    • University of Glasgow    
    • University of Leeds    
    • University of Liverpool    
    • University of Manchester    
    • University of Nottingham    
    • University of Oxford    
    • University of Sheffield    
    • University of Southampton    
    • University of Sussex    
    • University of Warwick  
  • Saudi-Arabia (1)
    • King Abdulaziz University
  • Sveits (7)
    • Swiss Federal Institute of Technology Lausanne (EPLF)    
    • Swiss Federal Institute of Technology Zurichv (ETH)  
    • University of Basel    
    • University of Bern    
    • University of Geneva  
    • University of Lausanne 
    • University of Zurich
  • Sør-Korea (3)
    • Seoul National University  
    • Sungkyunkwan University (SKKU)
    • Korea Advanced Institute of Science and Technology (KAIST)
  • Taiwan (1)
    • National Taiwan University
  • Tyskland (9)
    • Heidelberg University    
    • RWTH Aachen University    
    • Technical University Munich    
    • University of Bonn    
    • University of Cologne    
    • University of Freiburg    
    • University of Göttingen    
    • University of Munich (LMU)    
    • University of Tübingen    
  • USA (54)
    • Arizona State University    
    • Boston University    
    • Brown University    
    • California Institute of Technology    
    • Carnegie Mellon University    
    • Case Western Reserve University    
    • Columbia University    
    • Cornell University
    • Dartmouth College    
    • Duke University    
    • Emory University    
    • Georgia Institute of Technology    
    • Harvard University    
    • Indiana University Bloomington    
    • Johns Hopkins University    
    • Massachusetts Institute of Technology (MIT)    
    • Michigan State University    
    • New York University    
    • Northwestern University    
    • Ohio State University - Columbus    
    • Penn State University    
    • Princeton University    
    • Purdue University - West Lafayette    
    • Rice University    
    • Rutgers, State University of New Jersey    
    • Stanford University    
    • Tufts University    
    • University of Arizona    
    • University of California, Berkeley    
    • University of California, Davis    
    • University of California, Irvine    
    • University of California, Los Angeles    
    • University of California, San Diego    
    • University of California, Santa Barbara     
    • University of Chicago    
    • University of Colorado at Boulder    
    • University of Florida    
    • University of Illinois at Urbana-Champaign    
    • University of Maryland, College Park    
    • University of Michigan-Ann Arbor    
    • University of Minnesota, Twin Cities    
    • University of North Carolina at Chapel Hill    
    • University of Pennsylvania    
    • University of Pittsburgh, Pittsburgh Campus    
    • University of Rochester    
    • University of Southern California    
    • University of Texas at Austin    
    • University of Utah
    • University of Virginia    
    • University of Washington    
    • University of Wisconsin - Madison    
    • Vanderbilt University    
    • Washington University in St. Louis    
    • Yale University    
  • Østerrike (1)

    University of Vienna