Profilering av Noreg som studieland

Diku tilbyr ei rekkje ressursar til norske universitet og høgskular, norske utestasjonar og andre med behov for å profilere norsk utdanning eller eigen institusjon internasjonalt. 

    Diku skal fremje kunnskapsnasjonen Noreg og styrke norsk utdanning sitt omdømme internasjonalt. Ein viktig del av desse oppgåvene er å bidra til institusjonane sitt arbeid med rekruttering av internasjonale studentar til Noreg, noko Diku blant anna gjer gjennom arbeidet med merkevara Study in Norway.  

    Noreg er eit lite land, og det kan vere ein fordel å ha ei nasjonal merkevare i ryggen i når ein er ute i verda.  Diku har  ressursar av ulikt slag for deg som ønskjer å profilere norsk utdanning internasjonalt. 

    Profileringsmateriell

    Diku tilbyr profileringsmateriell av ulikt slag til  utdanningsinstitusjonar, norske utestasjonar, utanlandske ambassadar i Noreg og andre som ønskjer å profilere norsk utdanning internasjonalt. Dette omfattar til dømes videoar, foto, infografikk, lysbilete, presentasjonar, brosjyrer og postkort.

    Sjå oversikt over Study in Norway-materiell og andre ressursar her. 

    Etablerte kommunikasjonskanalar

    Som ein del av merkevara Study in Norway driftar Diku ei rekkje digitale kanalar retta mot internasjonale studentar. 

    Dette er godt besøkte kanalar, utvikla over fleire år og med mange følgjarar frå ulike land, som kan vera framtidige internasjonale studentar i Noreg. Study in Norway-konseptet omfattar desse kanalane, som alle har eit felles mål om å bygge kjennskap til norsk utdanning: 

    • Studyinnorway.no: Skal gi relevant informasjon om å studere i Noreg, ha oversikt over engelskspråklege grader ved norske institusjonar og generere relevant webtrafikk til institusjonane sine nettsider. 
    • Study in Norway på Facebook: Skal få fram at norsk utdanning er av høg kvalitet, marknadsføre norske universitet og høgskular, og generere trafikk til nettstaden studyinnorway.no. 
    • Study in Norway på Instagram: Skal først og fremst inspirere potensielle søkjarar gjennom å vise fram aktivitet ved norske universitet og høgskular. 
    • Study in Norway på YouTube: Fungerer som ein pool med ulike spelelister av videoar som er relevante for samarbeidspartnarar og andre som ønskjer å promotere norsk utdanning. 

    Norske universitet og høgskular som ønskjer å profilere seg mot internasjonale studentmålgrupper kan profilere seg og sine studietilbod i våre kanalar. Har du eit slikt behov, ta kontakt

    Internasjonale møteplassar

    Diku organiserer Study in Norway-stand, mottakingar og ulike faglege arrangement på dei store utdanningskonferansane EAIE (september) og NAFSA (mai). Arbeidet skjer i samråd med norske utdanningsinstitusjonar. Målet er å bygge norsk utdanning sitt omdøme blant internasjonale utdanningsinstitusjonar, samt  legge til rette for at norske institusjonar kan etablere og utvikle nye og eksisterande samarbeid med internasjonale samarbeidspartnarar. 

    Informasjon om Diku sine arrangement på EAIE og NAFSA vert publisert på arrangementsidene våre i god tid før konferansane finn stad. 

    Undersøking internasjonale studentar

    Med jamne mellomrom gjennomfører Diku ei omfattande undersøking blant internasjonale studentar i Noreg. Undersøkinga omfattar motivasjonar, forventningar til og studieerfaring i Noreg. Formålet er å styrke kunnskapsgrunnlaget om korleis heve kvaliteten på norsk høgare utdanning, og gi kunnskap om korleis både rekruttere og integrere internasjonale studentar.

    Resultata blir formidla breitt og blir blant anna brukt til å utvikle politikk og virkemiddel på området og i institusjonane sitt eige rekrutteringsarbeid.

    Norske universitet og høgskular som er representerte i undersøkinga mottek også ein rapport basert på svar frå eigne studentar. 

    Les meir om undersøkinga her.

    Statistikk og analyse

    Diku presenterer lettfatteleg  statistikk om studentmobilitet og internasjonalt samarbeid i vår statistikkdatabase. Her kan du hente ut oppdaterte tal på kor mange internasjonale studentar som studerer i Noreg, og oversikt over internasjonale samarbeidsprosjekt fordelt på parameter som institusjonar, utdanningsprogram, land og så vidare.

    Klikk her for å gå til statistikkdatabasen

    Bakgrunn

    Å fremje Noreg som kunnskapsnasjon og å profilere Noreg som eit attraktivt samarbeids- og studieland er oppgåver som er utleia av Diku si forvaltning av mandatet for profilering av Noreg som attraktivt samarbeids- og studieland.  Arbeidet er retta mot både norske universitet/høgskular og direkte mot internasjonale studentar.  

    Mandatet kan delast inn i fire hovudområde:  

    1. Styrke omdømme til norsk utdanning internasjonalt
    2. Bidra til rekruttering av studentar og samarbeidspartnarar til norske institusjonar
    3. Bidra med å utvikle kompetanse på omdømebygging og internasjonalt rekruttering i sektoren
    4. Utvikle og formidle kunnskapsgrunnlag om internasjonale studentar

    Å fremje internasjonalt samarbeid i sektoren og legge til rette for institusjonell mobilitet er også omfatta av dette arbeidet.  Med ei omfattande programportefølje har Diku også ei rekke virkemiddel institusjonane kan nytte seg av for å etablere og utvikle internasjonale utdanningssamarbeid som også inneber auka studentmobilitet, basert på fagleg samarbeid.

    Les meir om Diku sine ordningar for internasjonalt samarbeid her.