Senter for framifrå utdanning

Utdanningsmiljø med status som Senter for framifrå utdanning kan vise til framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga. Ordninga er nasjonal og har høg prestisje, og skal stimulere til framifrå forskingsbasert utdanning.

    Ordninga blei oppretta i 2010 og er finansiert av Kunnskapsdepartementet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har forvalta ordninga sidan 2019. Frå 2022 er det tretten senter med status Senter for framifrå utdanning.

    Ei nasjonal prestisjeordning

    Det overordna målet for Sentre for framifrå utdanning er å utvikle framifrå kvalitet i høgare utdanning. Ordninga gjev Noreg sine fremste utdanningsmiljø ressursar til å vidareutvikle studia sine. Ordninga inneber ein målretta og langsiktig innsats for å stimulere til utvikling av undervisning og innovative tilnærmingar til læring i høgare utdanning, både på bachelor- og mastergradnivå.

    Ein sentral del av ordninga er å framheve framifrå forskingsbasert utdanning, undervisning og vurdering. Framifrå utvikling inneber styrka kunnskap om ulike sider av utdanning lokalt og i høgare utdanning generelt. Ordninga er laga for å utvikle og premiere arbeidet som skjer i samhandling mellom studentar, undervisarar, støttefunksjonar, arbeidsliv og samfunnet elles. Ordninga skal og stimulere til nye formar for studentinvolvering og -partnarskap. 

    Ordninga senter for framifrå utdanning skal: 

    • stimulere universitet og høgskular til å etablere og utvikle fagmiljø som tilbyr framifrå utdanning 
    • bidra til kunnskapsbasert analyse og utvikling av undervisning og læring, som understøttar kvalitetsheving og innovasjon, og som vidare kan føre til vesentleg endring i høgare utdanning 
    • bidra til å utvikle og spreie kunnskap om framifrå utdanningspraksis i sektoren 
    • bidra til sterkare samspel mellom utdanning og relevante samfunns- og yrkesfelt  

    Senter for framifrå utdanning er leiande fagmiljø for å utvikle kvalitet i høgare utdanning. Tildelte senter skal vere i front av nasjonal og internasjonal utvikling av utdanning. Sentra er forventa å sette i verk endring gjennom spreiing av kunnskap og praksisar gjennom heile prosjektperioden, både innanfor og utanfor eigen vertsinstitusjon. 

    Eit senter for framifrå utdanning må difor:  

    • vere knytt til et fagmiljø som tilbyr framifrå FoU-basert utdanning  
    • utvikle innovative måter å arbeide med FoU-basert utdanning 
    • inspirere til studentinvolvering og studentar sin eigarskap til læring  
    • bidra til å utvikle og spreie kunnskap og praksis knytt til utforming av undervisning og læringsmiljø som fremmer læring  
    • relatere til internasjonal utvikling både i høgare utdanning og innanfor eige fagfelt  

    Kontaktinformasjon til sentra for framifrå utdanning

    • 2011 – 2022

      Fagfelt: Lærarutdanning 
      Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo 
      Konsortiepartnar: UiT – Norges artiske universitet 
      Nettsider: https://www.uv.uio.no/proted/ og https://result.uit.no/proted/ 

      ProTed er Noregs fyrste senter for framifrå utdanning, og er eit partnarskap mellom UiO og UiT. Senteret sin visjon er å utdanne kunnskapsrike, trygge og internasjonalt orienterte lærarar for eit multikulturelt samfunn. ProTed omfattar lærarutdanninga frå barne-, ungdoms- og vidaregåande skule. Hovudføremålet er å utvikle integrerte lærarutdanningar som samlar vitskapsfag, profesjonsfag, undervisningsfag, teori og praksis. 

      Senterleiing: 

      Henning Marius Sollid, Senterleiar UiT, henning.m.sollid@uit.no
      Doris Jorde, Senterleiar UiO, doris.jorde@ils.uio.no
      Silje Sivertsvik, Koordinator, silje.sivertsvik@uit.no  

    • bioCEED – Centre for Excellence in Biology Education

      2013 – 2023 

      Fagfelt: Biologi 
      Vertsinstitusjon: Universitetet i Bergen 
      Konsortiepartnarar: Universitetssenteret på Svalbard og Havforskningsinstituttet 
      Nettside: https://bioceed.w.uib.no/ 

      bioCEED er eit samarbeid mellom Institutt for biologi og seksjonen for Universitetspedagogikk ved UiB, UNIS og Havforskningsinstituttet. Senterets mål er å styrkje biologiutdanninga slik at morgondagens biologar kan møte framtidas kompetansebehov anten dei skal arbeide i industri, forvalting, organisasjonar, forsking eller utdanning. Senteret utviklar kurs og utdanningar der studentane nyt godt av tette koplingar mellom vitskapleg kunnskap, praktiske ferdigheiter og samfunnsrelevans. 

      Senterleiing: 

      Sehoya Harris Cotner, senterleiar, sehoya.cotner@uib.no
      Steve Coulsen, Nestleiar UNIS, stevec@unis.no
      Oddfrid Førland, Koordinator, oddfrid.forland@uib.no 

    • CEMPE – Centre of Excellence in Music Performance Education

      2013 – 2023 

      Fagfelt: Utøvande musikk 
      Vertsinstitusjon: Norges musikkhøgskole 
      Nettside: https://nmh.no/forskning/cempe/ 

      Ved å vidareutvikle læring og undervisning knytt til hovudinstrument og kvaliteten på eiga øving har CEMPE som mål å utdanne musikarar kvalifisert for eit internasjonalt og konkurranseprega arbeidsliv. Senteret utviklar også kunnskap og erfaring som styrkjer utøvande utøvarutdanning og støttar studentane i den kunstnarlege utviklinga deira. 

      Senterleiing: 

      Ellen Stabell, Senterleiar, ellen.m.stabell@nmh.no     
      Ingfrid Nyhus, Nestleiar, ingfrid.b.nyhus@nmh.no  
      Ane Hagness Kiran, Koordinator, ane.h.kiran@nmh.no 

    • MatRIC – Centre for Research, Innovation and Coordination of Mathematics Teaching

      2013 – 2023 

      Fagfelt: Matematikk i brukarprogram som lærarutdanning, biologi, økonomi og ingeniørfag 
      Vertsinstitusjon: Universitetet i Agder 
      Nettside: http://www.matric.no/ 

      MatRIC er eit læringsfelleskap som arbeider for å styrkje undervisning av matematikk ved universitet og høgskular. Visjonen deira er å være eit nasjonalt senter for betre undervisning og læring i matematikk innan naturvitskapane og aktuelle profesjonsutdanningar. Senteret samlar norske og internasjonale miljø for å utveksle erfaringar, idear og utforske innovative metodar for auka læringsutbyte.  

      Senterleiing: 

      Thomas Gjesteland, Senterleiar, thomas.gjesteland@uia.no  
      Lillian Egelandsaa, Prosjektleiar/koordinator, lillian.egelandsaa@uia.no  

    • CCSE – Centre for Computing in Science Education

      2016 – 2021 (Midtvegevaluering 2020) 

      Fagfelt: Realfag 
      Vertsinstitusjon: Universitet i Oslo 
      Konsortiepartnar: Universitetet i Sørøst-Norge 
      Nettside: https://www.mn.uio.no/ccse/ 

      CCSE vil fornye innhaldet i realfagsutdanningane ved å integrere databerekningar (datautrekningar) gjennom heile utdanningsløpet, i staden for i eigne emne. Gjennom arbeidet sitt har senteret mål om å bli eit internasjonalt leiande senter for ei slik fornying av fagområdet. Utdanninga skal vere forskingsnær og betre studentane på interndisiplinære arbeidsplassar. 

      Senterleiing: 

      Anders Malthe-Sørensen, Senterleiar, anders.malthe-sorenssen@fys.uio.no  
      Tone Skramstad, Koordinator, tone.skramstad@mn.uio.no 

    • CEFIMA – Centre for Excellence in Film and Interactive Media Arts

      2016 – 2022

      Fagfelt: Kunstfag 
      Vertsinstitusjon: Den norske filmskolen, Høyskolen i Innlandet 
      Nettside: https://www.filmskolen.no/forskning/cefima/

      CEFIMA har som mål å vidareutvikle læring og undervisning i film gjennom å fokusere på digital teknologi og interaktivitet som eit kunstnarleg verkemiddel. Senteret brukar kompetansen sin og erfaring frå filmindustrien til å utforske korleis den teknologiske utviklinga innan digitale, interaktive media kan nyttast i historieforteljing. 

      Senterleiing:  

      Fredrik Graver, Senterleiar, fredrik.graver@inn.no

    • Engage – Centre for Engaged Education Through Entrepreneurship

      2016 – 2021 (midtvegsevaluering 2020) 

      Fagfelt: Entreprenørskap 
      Vertsinstitusjon: NTNU  – Norges teknisk-naturvitskaplege universitet 
      Konsortiepartnar: Nord Universitet 
      Nettside: https://engage-centre.no/ 

      Engage er eit konsortium sett saman av NTNUs entreprenørskole, Handelshøyskolen Nord universitetet, Spark NTNU, Spark, TrollLABS og Eksperter i team ved NTNU. Senteret har som mål å utdanne studentar til å møte komplekse samfunnsutfordringar gjennom entreprenørskap uavhengig av næring eller bransje. Senteret utviklar utdanning for studentar frå alle disiplinar og profesjonar og fokuserer på tverrfagleg samarbeid i verkelege prosjekt der studentane får kunnskap og kompetanse som er relevant i og utanfor klasserommet.   

      Senterleiing: 

      Øystein Widding, Senterleiar, oystein.widding@ntnu.no
      Håvard Engen, Koordinator, havard.engen@ntnu.no

    • Excited – Centre for Excellent IT Education

      2016 – 2021 (midtvegsevaluering 2020)  

      Fagfelt: Informasjonsteknologi   
      Vertsinstitusjon: NTNU  – Norges teknisk-naturvitskaplege universitet   
      Konsortiepartnar: Nord Universitet  
      Nettside:https://www.ntnu.no/excited  

       Excited har som mål å gjere IKT-fag til eit meir attraktivt studieval for fleire og bringe Noreg til verdstoppen når det gjeld innovativ IT-utdanning. Senteret ønskjer å betre utdanningskvaliteten i relevante studieprogram, auke motivasjonen og arbeidslivsrelevansen blant studentane og gjere IT til eit attraktivt studieval. Prosjektbasert læring står sentralt hos Excited, og eit viktig poeng for senteret er at studentane skal få utfordre seg og sjølve kunne utforme eigne prosjekt.  

      Senterleiing:  

      Birgit Rognebakke Krogstie, Senterleiar, birgit.r.krogstie@ntnu.no
      Ida Sortland, Koordinator, ida.sortland@ntnu.no  

    • CELL - Centre on Experiential Legal Learning

      2019 – 2024  

      Fagfelt: Juss
      Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo   
      Nettside:https://www.jus.uio.no/cell/

      CELL vil videreutvikle juridisk utdanning i Noreg ved å eksperimentere med og innføre flere erfaringsbaserte element. Senteret skal vere ein ressurs og ein samarbeidsplattform for dei som ønskjer å utvikle nye, aktive undervisnings- og vurderingsformer ved fakulteta i Oslo, Bergen og Tromsø. CELL ønskjer å styrkje koplinga mellom akademia og arbeidslivet, eksperimentere med ny teknologi, samt utvikle og spreie norsk juridisk fagdidaktikk og involvere studentar i endringsleiing. Samarbeidspartnarar er Insj UiO, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø.

      Senterleiing:  

      Malcom Langford, Senterleiar, malcom.langford@jus.uio.no    
      Nasjida Noorestany, Studentsenterleiar
      Hilde Westbye, Faglig koordinator, hilde.westbye@ub.uio.no 
      Karoline Stensvik, Adminsitrativ koordinator, karoline.stensvik@jus.uio.no

    • COAST – Centre of Excellence in Maritime Simulator Training and Assessment

      2019 – 2024  

      Fagfelt: Maritim utdanning    
      Vertsinstitusjon: Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Vestfold  
      Konsortiepartnarar: Høgskulen på Vestlandet, NTNU Ålesund,  Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske universitet  
      Nettside:  https://norway-coast.no 

       COAST er eit konsortium innan maritim utdanning der USN er vertsinstitusjon medan HVL, NTNU og UiT er samarbeidspartnerar. Senteret har som mål å bli ein verdsleiande leverandør av simulatortrening og vurdering for maritim utdanning. COAST vil ta i bruk simulering, virtual reality og liknande undervisningsmetodar for å gje studentar auka digital maritim kompetanse og førebu dei på arbeidslivet i ein sektor som er i stadig endring.    

      Senterleiing: 

      Salman Nazir, Senterleiar, salman.nazir@usn.no     
      Inger Johanne Lurås, Koordinator, inger.j.luras@usn.no 

    • iEarth – Centre for Integrated Earth System Science Education

      2019 – 2024  

      Fagfelt: Geofag og geovitskap  
      Vertsinstitusjon: Universitetet i Bergen 
      Konsortiepartnarar: Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet og Universitetssenteret på Svalbard   
      Nettside:https://iearth.no/  
         
      iEarth er eit konsortium sett saman av geofag-institusjonar ved UiB, UiO, UiT og UNIS. Gjennom ei omfattande kartlegging av curriculum i høve kompetanse-behov i framtida skal geofaget få eit nytt innhald. Samtidig vil ein vektleggje og bruke studentaktive læringsmetodar, læringsbasert praksis og innføring av tidleg erfaring med forsking i bachelorprogramma. På denne måten vil den neste generasjonen av geovitarar vere betre rusta til å bidra til komplekse samfunnsutfordringar med særleg fokus på energi, klima, ressursar, miljø og geofarer.    

      Senterleiing:

      Jostein Bakke, Senterleiar, jostein.bakke@uib.no    
      Anne Stensland, Koordinator (i permisjon), anne.stensland@uib.no    
      Åse Hestnes, Fungerande koordinator (til august 2020), åse.hestnes@uib.no 

    • SHE – Centre for Sustainable Healthcare Education

      2019 – 2024   

      Fagfelt: Helsefag   
      Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo   
      Nettside: https://www.med.uio.no/she/english/

      SHE er eit tverrfaglig senter ved Det medisinske fakultet ved UiO. SHE utdanner endringsagenter innen helse slik at FNs bærekraftsmål blir en selvfølge i fremtidens helsebeslutninger - i møte med utfordringer som pandemier, antibiotikaresistens, overbehandling eller eldrebølgen.

      Senterleiing: 

      Kristin Margrete Heggen, Senterleiar, k.m.heggen@medisin.uio.no    
      Eivind Engebretsen, Arbeidende styreleiar, eivind.engebretsen@medisin.uio.no   
      Trine Kleven, Avdelingsleder, trine.kleven@medisin.uio.no 

    • CIE – Centre for Interdisciplinary Education

      2022 – 2027

      Fagfelt: Utdanningsvitenskap    
      Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo    

      CIE ønsker å utvikle tverfaglege utdanninger. Dette kommer av eit stadig behov i samfunnet for å jobbe tverrfaglig for å svare på komplekse problemstillinger. Senteret er et samarbeid mellom matematisk-naturviteskapelig-, samfunnsvitenskapelig- og humanistisk fakulutet ved Universitetet i Oslo. 

      Senterleiing:  

      Anders Malthe-Sørensen, Senterleiar, anders.malthe-sorenssen@fys.uio.no 

    • CreaTeMe – Centre for Interdisciplinary Education

      2022 – 2027

      Fagfelt: Musikkutdanning  
      Vertsinstitusjon: Universitetet i Agder    

      Senteret skal møte dei behova som utøvande musikarar møter i arbeidslivet i ein verden i endring, der digitalisering og teknologi er sentralt. Digitalisering og teknologi er like viktig i kunstutdanning som andre stadar i samfunnet, og krev nytenking ikkje berre i bruk av teknologi, men også ferdigheiter som entreprenørskap. 

      Senterleiing: 

      Jan Bang, Senterleiar, jan.bang@uia.no 

    • SITRAP – Centre for Interdisciplinary Education

       2022 – 2027 

      Fagfelt: Landskapsarkitektur 
      Vertsinstitusjon: Norges miljø- og bioviteskapelege universitet    
      Nettside:https://www.nmbu.no/en/faculty/landsam/research/centers/sitrap 

      Senteret skal møte behov for økt kapasitet og høgare kompetanse i arealplanlegging, og sett søkjelys på berekraft og rollen til høgare utdanning for å svare på FNs berekraftsmål. SITRAP skal samarbeide bredt med arbeidslivet, blant anna med privat og kommunal sektor. Senterets plan for spreiing drar nytte av samarbeid med Senter for praktisk kunnskap ved Nord universitet, og ønsker å bidra til kvalitetsutvikling i utdanningar som helsefag, lærarutdanning og sosialfag. 

      Senterleiing:

      Elin Børrud, Senterleiar, elin.borrud@nmbu.no 

    For dei som vil søkje

    Siste utlysing i ordninga hadde søkarfrist 20. april 2022. Neste utlysing får truleg søkarfrist våren 2025.

    Det er mykje søkarmiljøa kan førebu:

    • Det er stor skilnad på prosjektleiing og drift av eit senter for framifrå utdanning. Det er viktig å avklare kva fagmiljø som skal utgjere senteret, korleis senteret skal organiserast og kva ressursar som trengs til drift av senteret. 
    • Korleis skal kvalitet i eksisterande utdanning dokumenterast? Utdanningskvalitet er kontekstuell og fleirsidig. For meir informasjon om viktige forutsetningar for innovativt kvalitetsarbeid kan søkarmiljøa sjå til utlysingsteksten. 
    • Kva er mål og visjon for senteret? Søkarmiljøa må være tydeleg på kva dei ynskjer å oppnå med eit senter for framifrå utdanning og kvifor dette er naudsynt (behovsanalyse). 
    • Mål og visjon må underbyggjast av ein senterplan som viser korleis søkarmiljøet skal oppnå måla. I arbeidet med senterplanen er det viktig å sjå til måla for ordninga.

    For kvar utlysingsrunde stig kvaliteten på søknadane, og det er forventa at nivået held fram med å stige. Søkarar blir derfor oppmoda om å setje seg godt inn i tilbakemeldingane frå ekspertkomiteen i tidlegare tildelingar, og på den måten bygje vidare på det gode arbeidet som er gjort.

    Viktige dokument for deg som skal søkje SFU-status:

    Søknadene og tilbakemeldingane for dei tre finalistane som fekk SFU-status i 2022:

    • Senter for tverrfaglig utdanning (CIE), ved Universitetet i Oslo: Søknad (pdf), evaluering (pdf) 
    • Senter for integrert og transdisiplinær undervisning i planlegging (SITRAP), ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Nord universitet: Søknad (pdf), evaluering (pdf)
    • Senter for fremragende utdanning i kreativ bruk av teknologi i musikkutdanning (CreaTeMe), ved Universitetet i Agder: Søknad (pdf), evaluering (pdf)

    Søknadene og tilbakemeldingane for dei tre finalistane som ikkje fekk SFU-status i 2022: 

    • Journalistikk, innovasjon, mediejuss og praksis - JIMP, Høgskulen i Volda: Søknad (pdf), evaluering (pdf)
    • Senter for fremragende utdanning i kriseledelse - PREPARED, Nord Universitet: Søknad (pdf), evaluering (pdf)
    • Senter for fremragende jazzmusikerutdanning - Listen!, Norges teknisk-naturvitskapelege universitet: Søknad (pdf), evaluering (pdf)

    Midtvegsevaluering

    Sentra for framifrå utdanning får tildeling for ein periode på fem år, med moglegheit for forlenging i ytterlegare fem år etter bestått midtvegsevaluering.

    Midtvegsevalueringa blir gjort av ein ekspertkomite som består av fagpersonar med ekspertise innan undervisning og høgare utdanning, leiing, samt høg kompetanse innan dei respektive sentra sine fagområder.

    Kontakt oss

    Ta kontakt på sfu@hkdir.no 

    Desse jobbar med ordninga i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse:

    • Anja Olsen Moberg, programkoordinator 
    • Ida Iselin Eriksson
    • Linda Lien
    • Marit Ubbe 
    • Torstein Nielsen Hole

    Publikasjonar

    Historia om Sentre for framifrå utdanning

    Bakgrunnen for ordninga Senter for framifrå utdanning kjem frå Stjernø-utvalet (2006-2008). Utvalet skulle foreslå tiltak for å sikre utvikling innan høgare utdanning og at sektoren bidreg til å møte behova i samfunnet. 

    Relaterte programmer

    Status som Senter for fremragende utdanning (SFU) tildeles miljøer som allerede kan vise til fremragende kvalitet og innovativ praksis i utdanningen, og som har gode planer for videreutvikling og innovasjon. Et viktig krav til sentrene er formidling av oppnådde resultater og kunnskapsspredning.