Utdanningsmiljø med status som Senter for framifrå utdanning (SFU) kan vise til framifrå kvalitet og innovativ praksis i utdanninga. Ordninga er nasjonal og har høg prestisje, og skal stimulere til framifrå forskingsbasert utdanning.
SFU-ordninga blei oppretta i 2010 og er finansiert av Kunnskapsdepartementet. Diku har forvalta ordninga sidan 2019. Frå 2020 er det tolv sentre med SFU-status.
SFU-ordninga gjev Noregs fremste utdanningsmiljø ressursar til å vidareutvikle studia sine. Ordninga inneber ein målretta og langsiktig innsats for å stimulere til utvikling av undervisning og innovative tilnærmingar til læring i høgare utdanning på bachelor- og mastergradnivå.
Etablerte sentre har eit særleg ansvar for å bidra til spreiing av kunnskap og praksis som gjev auka kvalitet i høgare utdanning, både i og utanfor vertsinstitusjonane.
SFU-ordninga skal stimulere til framifrå forskingsbasert utdanning. Ordninga skal vidareutvikle og premiere arbeidet som finn stad mellom studentar, fagleg tilsette, støttetenester, arbeidslivet, fag- og yrkesorganisasjonar og samfunnet elles. Ho skal vidare styrkje kunnskapsgrunnlaget for utdanningskvalitet til beste for det enkelte miljø og for høgare utdanning generelt. Ordninga skal støtte utviklinga av nye former for studentinvolvering og -partnarskap.
SFU-status vert tildelt for fem år med moglegheit for ytterlegare fem år etter ei midtvegsevaluering.
SFU-ordninga gjev eit unikt handlingsrom for å utvikle utdanningspraksis og utdanningsfagleg kompetanse over tid, og er derfor viktig i det strategiske arbeidet med utdanningskvalitet i norsk høgare utdanningssektor.
2011 – 2021
Fagfelt: Lærarutdanning
Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo
Konsortiepartnar: UiT – Norges artiske universitet
Nettsider: https://www.uv.uio.no/proted/ og https://result.uit.no/proted/
ProTed er Noregs fyrste senter for framifrå utdanning, og er eit partnarskap mellom UiO og UiT. Senteret sin visjon er å utdanne kunnskapsrike, trygge og internasjonalt orienterte lærarar for eit multikulturelt samfunn. ProTed omfattar lærarutdanninga frå barne-, ungdoms- og vidaregåande skule. Hovudføremålet er å utvikle integrerte lærarutdanningar som samlar vitskapsfag, profesjonsfag, undervisningsfag, teori og praksis.
Doris Jorde, Senterleiar UiO, doris.jorde@ils.uio.no
Siw Skrøvset, Senterleiar UiT, siw.skrovset@uit.no
Magnus Heie, Koordinator UiO, magnus.heie@uio.no
Silje Sivertsvik, Koordinator UiT, silje.sivertsvik@uit.no
2013 – 2023
Fagfelt: Biologi
Vertsinstitusjon: Universitetet i Bergen
Konsortiepartnarar: Universitetssenteret på Svalbard og Havforskningsinstituttet
Nettside: https://bioceed.w.uib.no/
bioCEED er eit samarbeid mellom Institutt for biologi og seksjonen for Universitetspedagogikk ved UiB, UNIS og Havforskningsinstituttet. Senterets mål er å styrkje biologiutdanninga slik at morgondagens biologar kan møte framtidas kompetansebehov anten dei skal arbeide i industri, forvalting, organisasjonar, forsking eller utdanning. Senteret utviklar kurs og utdanningar der studentane nyt godt av tette koplingar mellom vitskapleg kunnskap, praktiske ferdigheiter og samfunnsrelevans.
Vigdis Vandvik, Senterleiar, vigdis.vandvik@uib.no
Pernille Bronken Eidesen, Nestleiar, pernille.bronken.eidesen@unis.no
Oddfrid Førland, Koordinator, oddfrid.forland@uib.no
2013 – 2023
Fagfelt: Utøvande musikk
Vertsinstitusjon: Norges musikkhøgskole
Nettside: https://nmh.no/forskning/cempe/
Ved å vidareutvikle læring og undervisning knytt til hovudinstrument og kvaliteten på eiga øving har CEMPE som mål å utdanne musikarar kvalifisert for eit internasjonalt og konkurranseprega arbeidsliv. Senteret utviklar også kunnskap og erfaring som styrkjer utøvande utøvarutdanning og støttar studentane i den kunstnarlege utviklinga deira.
Jon Helge Sætre, Senterleiar, jon.h.saetre@nmh.no
Ingfrid Nyhus, Nestleiar, ingfrid.b.nyhus@nmh.no
Ellen Stabell, Koordinator, ellen.m.stabell@nmh.no
Ane Hagness Kiran, Koordinator, ane.h.kiran@nmh.no
2013 – 2023
Fagfelt: Matematikk i brukarprogram som lærarutdanning, biologi, økonomi og ingeniørfag
Vertsinstitusjon: Universitetet i Agder
Nettside: http://www.matric.no/
MatRIC er eit læringsfelleskap som arbeider for å styrkje undervisning av matematikk ved universitet og høgskular. Visjonen deira er å være eit nasjonalt senter for betre undervisning og læring i matematikk innan naturvitskapane og aktuelle profesjonsutdanningar. Senteret samlar norske og internasjonale miljø for å utveksle erfaringar, idear og utforske innovative metodar for auka læringsutbyte.
Simon Goodchild, Senterleiar, simon.goodchild@uia.no
Thomas Gjesteland, Med-leiar, thomas.gjesteland@uia.no
Lillian Egelandsaa, Prosjektleiar/koordinator, lillian.egelandsaa@uia.no
2016 – 2021 (Midtvegevaluering 2020)
Fagfelt: Realfag
Vertsinstitusjon: Universitet i Oslo
Konsortiepartnar: Universitetet i Sørøst-Norge
Nettside: https://www.mn.uio.no/ccse/
CCSE vil fornye innhaldet i realfagsutdanningane ved å integrere databerekningar (datautrekningar) gjennom heile utdanningsløpet, i staden for i eigne emne. Gjennom arbeidet sitt har senteret mål om å bli eit internasjonalt leiande senter for ei slik fornying av fagområdet. Utdanninga skal vere forskingsnær og betre studentane på interndisiplinære arbeidsplassar.
Anders Malthe-Sørensen, Senterleiar, anders.malthe-sorenssen@fys.uio.no
Tone Skramstad, Koordinator, tone.skramstad@mn.uio.no
2016 – 2021 (Midtvegsevaluering 2020)
Fagfelt: Kunstfag
Vertsinstitusjon: Den norske filmskolen, Høyskolen i Innlandet
Nettside: https://www.filmskolen.no/prosjekter/cefima
CEFIMA har som mål å vidareutvikle læring og undervisning i film gjennom å fokusere på digital teknologi og interaktivitet som eit kunstnarleg verkemiddel. Senteret brukar kompetansen sin og erfaring frå filmindustrien til å utforske korleis den teknologiske utviklinga innan digitale, interaktive media kan nyttast i historieforteljing.
Fredrik Graver, Senterleiar, fredrik.graver@inn.no
Janicke Vibe, Koordinator, janicke.vibe@inn.no
2016 – 2021 (midtvegsevaluering 2020)
Fagfelt: Entreprenørskap
Vertsinstitusjon: NTNU – Norges teknisk-naturvitskaplege universitet
Konsortiepartnar: Nord Universitet
Nettside: https://engage-centre.no/
Engage er eit konsortium sett saman av NTNUs entreprenørskole, Handelshøyskolen Nord universitetet, Spark NTNU, Spark, TrollLABS og Eksperter i team ved NTNU. Senteret har som mål å utdanne studentar til å møte komplekse samfunnsutfordringar gjennom entreprenørskap uavhengig av næring eller bransje. Senteret utviklar utdanning for studentar frå alle disiplinar og profesjonar og fokuserer på tverrfagleg samarbeid i verkelege prosjekt der studentane får kunnskap og kompetanse som er relevant i og utanfor klasserommet.
Øystein Widding, Senterleiar, oystein.widding@ntnu.no
Jørgen Flint, Koordinator, jorgen.flint@ntnu.no
2016 – 2021 (midtvegsevaluering 2020)
Fagfelt: Informasjonsteknologi
Vertsinstitusjon: NTNU – Norges teknisk-naturvitskaplege universitet
Konsortiepartnar: Nord Universitet
Nettside: https://www.ntnu.no/excited
Excited har som mål å gjere IKT-fag til eit meir attraktivt studieval for fleire og bringe Noreg til verdstoppen når det gjeld innovativ IT-utdanning. Senteret ønskjer å betre utdanningskvaliteten i relevante studieprogram, auke motivasjonen og arbeidslivsrelevansen blant studentane og gjere IT til eit attraktivt studieval. Prosjektbasert læring står sentralt hos Excited, og eit viktig poeng for senteret er at studentane skal få utfordre seg og sjølve kunne utforme eigne prosjekt.
Guttorm Sindre, Senterleiar, guttorm.sindre@idi.ntnu.no
Birgit Rognebakke Krogstie, Nestleiar, birgit.r.krogstie@ntnu.no
Ida Sortland, Koordinator, ida.sortland@ntnu.no
2019 – 2024
Fagfelt: Juss
Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo
Nettside: https://www.jus.uio.no/cell/
CELL vil videreutvikle juridisk utdanning i Noreg ved å eksperimentere med og innføre flere erfaringsbaserte element. Senteret skal vere ein ressurs og ein samarbeidsplattform for dei som ønskjer å utvikle nye, aktive undervisnings- og vurderingsformer ved fakulteta i Oslo, Bergen og Tromsø. CELL ønskjer å styrkje koplinga mellom akademia og arbeidslivet, eksperimentere med ny teknologi, samt utvikle og spreie norsk juridisk fagdidaktikk og involvere studentar i endringsleiing. Samarbeidspartnarar er Insj UiO, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø.
Senterleiing:
Malcom Langford, Senterleiar, malcom.langford@jus.uio.no
Johanne Maria Rohde Larsen, Student senterleiar, j.m.r.larsen@student.jus.uio.no
Kristin Steen Slåttå, Koordinator, k.s.slatta@jus.uio.no
Hilde Westbye, Faglig koordinator, hilde.westbye@ub.uio.no
2019 – 2024
Fagfelt: Maritim utdanning
Vertsinstitusjon: Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Vestfold
Konsortiepartnarar: Høgskulen på Vestlandet, NTNU Ålesund, Universitetet i Tromsø – Norges Arktiske universitet
Nettside: https://norway-coast.no
COAST er eit konsortium innan maritim utdanning der USN er vertsinstitusjon medan HVL, NTNU og UiT er samarbeidspartnerar. Senteret har som mål å bli ein verdsleiande leverandør av simulatortrening og vurdering for maritim utdanning. COAST vil ta i bruk simulering, virtual reality og liknande undervisningsmetodar for å gje studentar auka digital maritim kompetanse og førebu dei på arbeidslivet i ein sektor som er i stadig endring.
Salman Nazir, Senterleiar, salman.nazir@usn.no
Inger Johanne Lurås, Koordinator, inger.j.luras@usn.no
2019 – 2024
Fagfelt: Geofag og geovitskap
Vertsinstitusjon: Universitetet i Bergen
Konsortiepartnarar: Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet og Universitetssenteret på Svalbard
Nettside: https://iearth.no/
iEarth er eit konsortium sett saman av geofag-institusjonar ved UiB, UiO, UiT og UNIS. Gjennom ei omfattande kartlegging av curriculum i høve kompetanse-behov i framtida skal geofaget få eit nytt innhald. Samtidig vil ein vektleggje og bruke studentaktive læringsmetodar, læringsbasert praksis og innføring av tidleg erfaring med forsking i bachelorprogramma. På denne måten vil den neste generasjonen av geovitarar vere betre rusta til å bidra til komplekse samfunnsutfordringar med særleg fokus på energi, klima, ressursar, miljø og geofarer.
Jostein Bakke, Senterleiar, jostein.bakke@uib.no
Anne Stensland, Koordinator (i permisjon), anne.stensland@uib.no
Åse Hestnes, Fungerande koordinator (til august 2020), åse.hestnes@uib.no
2019 – 2024
Fagfelt: Helsefag
Vertsinstitusjon: Universitetet i Oslo
Nettside: https://www.med.uio.no/english/research/centres/she/
SHE er eit tverrfaglig senter ved Det medisinske fakultet ved UiO. I samarbeid med studentane skal senteret fornye helseutdanningane i lys av FNs bærekraftsmål. Målet er å kvalifisere framtidas helsearbeidarar til å ta avgjerdsler som ivaretek framtidas ressursar og behov.
Kristin Margrete Heggen, Senterleiar, k.m.heggen@medisin.uio.no
Eivind Engebretsen, Arbeidende styreleiar, eivind.engebretsen@medisin.uio.no
Unn-Hilde Grasmo-Wendler, Koordinator/fakultetsdirektør, u.h.grasmo-wendler@medisin.uio.no
Trine Kleiven, Administrativ koordinator, trine.kleven@medisin.uio.no
Sentra for framifrå utdanning får tildeling for ein periode på fem år, med moglegheit for forlenging i ytterlegare fem år etter bestått midtvegsevaluering.
I 2020 skal dei fire sentra som fekk tildeling i 2016 midtvegsevaluerast:
Midtvegsevalueringa blir gjort av ein ekspertkomite som består av fagpersonar med ekspertise innan undervisning og høgare utdanning, leiing, samt høg kompetanse innan dei respektive sentra sine fagområder.
Les meir om kompetanse og samansetting av komiteen.
Grunnlag for evalueringa:
I oktober gjennomfører komiteen eit digitalt “institusjonsbesøk” til kvart av sentra, der komiteen møter leiing, tilsette og studentar. Etter institusjonsbesøket utformar ekspertkomiteen eit siste utkast til evalueringsrapport. Sentera kan gje tilbakemelding på utkastet for å avklare eventuelle misforståingar.
Ekspertkomiteen ferdigstiller sin evalueringsrapport med anbefaling til Diku. På bakgrunn av dette avgjer Diku sitt styre om senteret skal tildelast finansiering for ein ny femårsperiode.
For kvar utlysingsrunde stig kvaliteten på SFU-søknadane, og det er forventa at nivået held fram med å stige. Søkarar blir derfor oppmoda om å setje seg godt inn i tilbakemeldingane frå ekspertkomiteen i tidlegare tildelingar, og på den måten bygje vidare på det gode arbeidet som er gjort.
Ekspertkomiteen som vurderte 2019-søknadane peikte spesielt på to område som var gjennomgåande svake for fleire av dei sju finalistane: Det framlagte rammeverket for evaluering og påverkingskraft, og planane for spreiing. Dei sa også at søkarane kunne hatt nytte av ei "kritisk ven"-tilnærming og brukt bredda av tilgjengeleg eksepertise i dei allereie eksisterande sentra i Noreg.
Ekspertkomiteen si tilbakemelding til dei sju finalistane i 2019, både overordna og individuelle tilbakemeldingar.
Søknadene frå dei fire finalistane som fekk SFU-status i 2019:
Søknadane frå dei tre finalistane som ikkje fekk SFU-status i 2019:
Ta kontakt på sfu@diku.no
Desse jobbar med ordninga i Diku:
På vei mot det fremste - 2016
Developing Educational Excellence in Higher Education - 2019
Status som Senter for fremragende utdanning (SFU) tildeles miljøer som allerede kan vise til fremragende kvalitet og innovativ praksis i utdanningen, og som har gode planer for videreutvikling og innovasjon. Et viktig krav til sentrene er formidling av oppnådde resultater og kunnskapsspredning.
Diku jobber med neste utlysning som har tentativ søknadsfrist våren 2022.