Ekspertkomité for midtvegsevaluering 2020

Oppgåva med å evaluere arbeidet i eit senter for framifrå utdanning krev at komiteen består av personar med høg (framifrå) kompetanse innan undervisning og utdanning i høgare utdanning. Leiarkompetanse og erfaring er også vektlagt.

Komitémedlemmene har god kjennskap til og interesse for utdanningsverksemda i høgare utdanning. Det er vald ein komité med hovudvekt av internasjonale medlemmer for å sikre vurdering av utdannings- og forskingskvalitet i eit internasjonalt perspektiv, og for å sikre at komiteen kan gje tilbakemelding på senteret sitt arbeid med eit eksternt blikk.

Komiteen har likevel kjennskap til norske forhold og tradisjonar gjennom sin bakgrunn og erfaring. I samansettinga av komiteen er det sikra balanse i kjønn. Komiteen har også høg fagleg kompetanse innan fagfelta til dei fire sentra: naturvitskap, film, IT og entreprenørskap.

Ekspertkomiteen for midtvegsevaluering i 2020 består av desse medlemmene: 

Komitéleiar:

Professor Richard Reece, The University of Kent

Medlemmar:
  • Professor Emeritus Ann-Marie Pendrill, Gøteborgs universitet og Lunds universitet
  • Professor Siri Terjesen, Florida Atlantic University og Norges Handelshøyskole
  • Dr. Rolf Hughes, University of Leuven
  • Dr. Tina Bering Keiding, Aarhus University
  • Professor Michael Kölling, King’s College London
  • Caroline Erviksæter, studentrepresentant foreslått av Norsk studentorganisasjon (NSO)
  • Terje-André Kvinlaug, studentrepresentant foreslått av Norsk studentorganisasjon (NSO)
Professor Richard Reece, Deputy Vice Chancellor ved The University of Kent

Professor Reece tiltredde stillinga som Deputy Vice Chancellor ved The University of Kent i mars 2020. Før dette kom han frå stillinga Associate Vice-President for Teaching, Learning and Students ved The University of Manchester. Reese har sin doktorgrad frå Universitetet i Leicester og ein post.doc frå Harvard. I Storbritannia har han arbeidd med forsking og utdanning innan mellom anna molekylær biologi, biokjemi og genetikk ved The University of Manchester. Gjennom Royal Society of Biology har Reece bidratt til utvikling og implementering av eit akkrediteringsprogram for studietilbod innan biologi frå bachelor til ph.d-nivå. Gjennom denne ordninga har han utvikla og gjennomført akkrediteringsprosessar både nasjonalt og internasjonalt. Professor Reese var medlem av ekspertkomiteen som gjennomførte midtvegsevalueringe av SFU i 2017, og ekspertkomiteen ved utlysinga i 2019. Han bringer dermed inn solid erfaring med utdanningsutvikling og -leiing,  samt naudsynt kontinuitet og kjennskap til SFU-ordninga.

Professor Emeritus Ann-Marie Pendrill, Gøteborgs universitet og Lunds universitet

Ann-Marie Pendrill har sin faglege bakgrunn frå teoretisk atomfysikk (computational atomic physics), med professorat ved Gøreborgs universitet frå 1999. Med åra har forskingsfokuset skifta mot naturvitskapleg utdanning. Ved sida av undervisning og forsking sit ho i styret til tidsskriftet Physics Education, og i perioden 2005-2011 var ho medlem av ICPE - International Committee on Physics Education. I tillegg er ho involvert i forskarskulen CUL - Centrum för utbildningsvetenskap og lärarforskning. Sidan 2009 har ho hatt delt stilling mellom Gøteborgs universitet og Lunds universitet. Ved Lunds universitet var ho leiar for Nasjonalt ressurssenter for fysikk frå 2009-2019. I 2015 blei ho også professor for vitskapskommunikasjon og fysikkdidaktikk. Professor Pendrill bringer med seg solid erfaring med utdanningsutvikling og forsking knytt til naturvitskap og fysikkdidaktikk som vil være svært nyttig i komiteen sitt arbeid.

Professor Siri Terjesen, Florida Atlantic University og Norges Handelshøyskole (professor 2)

Siri Terjesen er Dean’s Distinguished Professor ved Florida Atlantic University. Ho gjennomførte si grunnutdanning i International Business ved University of Richmond, Virginia, mastergrad i International business ved NHH, som US Fulbright Scholar, og PhD ved Cranfield University i Storbritannia. Ho var postdoktor ved Queensland University of Technology i Brisbane, Australia. Terjesen si forsking fokuserer på strategisk entreprenørskap, internasjonal leiing, verksemdsstyring og kjønn i leiing, og ho er publisert i leiande tidsskrifter. Terjesen er assisterande redaktør for Small Business Economics and Industry & Innovation. Ho har fungert som medlemskapsleiar for Academy of Management's Entrepreneurship Division og assisterande redaktør for Academy of Management Learning & Education. Terjesen er også medforfattar av Global Entrepreneurship Monitor's Social Entrepreneurship-rapport om utbreiing av sosialt entreprenørskap i 60+ land verda rundt. Terjesen har mottatt ei rekke undervisningsprisar frå både studentorganisasjonar og landsforeiningar. Siri Terjesen bringer med seg erfaring og verdsleiande ekspertise innan entreprenørskap. Ho har solid internasjonal erfaring og er ein anerkjend undervisar.

Dr. Rolf Hughes, KU Leuven

Rolf Hughes er Professor in the Epostemology of Design-Driven Research ved KU Leuven Faculty of Architecture i Belgia. Hughes er ein pioneer innan kunstnarleg utviklingsarbeid, og har vore med å utvikle feltet i Skandinavia og Nord-Europa. Hans forsking og undervisning er knytta til utforskinga av kunstnarlege (praksisbaserte) metodar, på tvers av arkitektur, kunst, handverk, design, fotografi og scenekunst. Han har i to periodar vore visepresident for det internasjonale Society for Artiistic Research, og han har vore eller er gjesteprofessor ved Konstfack University College of Arts, Crafts and Design, Sverige og Estonian Academy of Arts, samt senior-professor ved Sint-Lucas School of Architecture, Belgia, og FCT Chair of Arts and Other Humanities Research Funding Panel, Portugal. Sidan 2000 har han bidrege som rettleiar eller sensor for doktorgradskandidatar ved mellom anna Bartlett, University of Westminster, Middlesex University, KU Leuven, Royal Institute of Technology, Oslo School of Architecture, Royal Danish Academy of Fine Arts og Stockholm University of the Arts. Hughes er rekna som ein kapasitet innan kunstnarleg utviklingsarbeid, og han har kjennskap til og forståing for bredda av skapande og utøvande fag. Hughes har bidrege som moderator og gjesteforelesar i Program for kunstnarled utviklingsarbeid og i Nasjonal forskarskule i kunstnarleg utviklingsarbeid. Han har god innsikt i den norske modellen for kunstnarleg utviklingsarbeid og kva som skil kunstnarleg utviklingsarbeid frå vitskapleg forsking. Rolf Hughes bringer med seg ei grunnleggande forståing for særtrekk ved utdanning innan eksperimentelle, skapande og utøvande fag, samt kunnskap om det visuelle språket, dramaturgi og kreativ og kritisk skriving. Han har ei tverrfagleg tilnærming, er praksisnær og opptatt av teknologi, samtidig som han har eit internasjonalt perspektiv.

Dr. Tina Bering Keiding, Aarhus Universitet

Dr. Tina Bering Keiding er visesenterleder ved Center for Undervisningsudvikling og Digitale Medier ved Aarhus Universitet. Ho er cand. polyt. i Miljøteknik og har ein ph.d fra Institut for Uddannelse, Læring og Filosofi, Aalborg Universitet. Forskingsfeltet hennar ligg innan vidaregående utdannings didaktikk med særleg fokus på læreplanar, curriculum-teori og -utvikling, samt systemteoretisk didaktikk. Tina Bering Keiding bringer med seg pedagogisk og didaktisk ekspertise på undervisning, læringsutbyttebeskriving og læring i eit universitets- og høgskuleperspektiv. Keiding har bidrege som medlem av vurderingskomiteen for Dikus utdanningskvalitetspris for høgare utdanning i 2018 og 2018, samt i fleire sakkyndig komitear hos NOKUT.

Professor Michael Kölling, King’s College London

Professor Michael Kölling er visedekan for utdanning ved fakultet for naturvitskaplege og matematiske fag ved Kings College London. Han har PhD innan datavitskap frå University for Sydney. Forskingsinteressa hans er innan objektorienterte system, programmeringsspråk, programverktøy, datautdanning og Human-computer interaction (HCI). Han har publisert ei rekke artiklar om objektorientering og tema innan IT-utdanning og er forfattar av to Java-lærebøker. Kölling er hovudutviklar av BlueJ og Greenfoot, to pedagogiske programmeringsmiljø. Han er ein UK National Teaching Fellow, Fellow of the UK Higher Education Academy, Oracle Java Champion, og ein Distinguished Educator of the ACM. I 2013 fekk han ACM SIGCSE-prisen for eineståande bidrag til informatikkutdanning. Kölling grunnleggande medlem av «Computing at School», ein britisk organisasjon som jobbar med undervisning i programmering på skulenivå.

Caroline Erviksæter, studentrepresentant

Caroline Erviksæter er Masterstudent i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Ho har frå før ein bachelorgrad i planlegging og administrasjon frå Høgskulen i Volda. Erviksæter har tidligare studert samfunnskunnskap og sosiologi i Sverige, og har kurs i høgare utdanning og journalistikk. Erviksæter er oppnemnt etter forslag frå Norsk studentorganisasjon.

Terje-André Kvinlaug, studentrepresentant

Terje-André Kvinlaug er student ved Universitetet i Bergen. Han har ein bachelorgrad i samanliknande politikk og held no å med ein master i administrasjon og organisasjonsvitskap. Kvinlaug er oppnemnt etter forslag frå Norsk studentorganisasjon.