Historia om SFU

Bakgrunnen for ordninga Senter for framifrå utdanning kjem frå Stjernø-utvalet (2006-2008). Utvalet skulle foreslå tiltak for å sikre utvikling innan høgare utdanning og at sektoren bidreg til å møte behova i samfunnet. 

2009: Forslaget frå Stjernø-utvalet vart vidare greia ut av Universitets- og høgskulerådet i 2008 - 2009.

2010: NOKUT fekk i oppgåve frå Kunnskapsdepartementet å etablere og forvalte ordninga. Ein ekstern komité bidrog til å konkretisere kriteria for SFU-status. 

2011: Det vart lyst ut midlar til etablering av eit pilotsenter for framifrå utdanning. Utlysinga var knytt til lærarutdanning, og senterstatus vart gitt til ProTed. Piloten var rekna som ein suksess og ordninga opna opp for fleire utdanningsmiljø.

2013: Den andre utlysinga vart gjennomført, og eit stort spenn utdanningsmiljø søkte senterstatus. bioCEED, CEMPE og Matric vart tildelt SFU-status. 

2015: Midtvegsevaluering av ProTed vart gjennomførd, og senteret fekk forlenga SFU-status ut 2021.

2016: Det vart lyst ut midlar til tre nye senter. Totalt kom det inn 22 søknadar frå 12 universitet og høgskular. Fire nye senter fekk SFU-status: CCSE, CEFIMA, Engage og Excited.

2017: Midtvegsevaluering av bioCEED, CEMPE og MatRIC vart gjennomførd, og alle sentera fekk forlenga SFU-statusen ut 2023. 

2019: Diku (no Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse) overtok forvaltning av ordninga frå 1. januar 2019 og det blei lyst ut midlar for tre til seks nye senter. Diku fekk 22 søknader frå ulike utdanningsmiljø i norske universitet og høgskular. Fire nye senter fekk senterstatus med oppstart frå 2020: CELL, COAST, iEarth og SHE.

2020: CCSE, CEFIMA, Engage og Excited blei midvegevaluert. CCSE, Engage og Excited fekk forlenga SFU-status.

2021: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse lyste ut 140 millionar kroner til etablering av inntil fire nye senter for framifrå utdanning. Tildeling i 2022.

2022: Tre nye senter for framifrå utdanning: CIE, CreaTeME og SITRAP.