Vurderingskort for det grøne skiftet

Diku har fått i oppgåve frå Kunnskapsdepartementet å organisere ein felles prosess med norske universitet og høgskular, som skal gjere det mogleg å måle resultat og framgang i institusjonane sitt arbeid mot målet om å verte klimanøytrale innan 2030. 

    Siste nytt

    Som ein konsekvens av koronaepidemien har fristen for høyringa knytta til rapporten Grønne indikatorar for universitets- og høgskolesektoren blitt utsett til 8. juli 2020. Les meir om høyringa her.

    Kva er vurderingskort for det grøne skiftet?

    Diku presenterte i mai 2019 Tilstandsrapport for høgare utdanning, der temakapittelet var det grøne skriftet og berekraft. Her blei det mellom anna peika på at det – til tross for stor interesse og mykje godt arbeid på feltet - er vanskeleg å finne pålitelege data om UH-sektoren sine bidrag til og innsats på dette området.

    I august 2019 fekk Diku i oppdrag frå KD å utvikle eit vurderingskort for det grøne skiftet, med mål om å presentere ein første versjon på Kontaktkonferansen 2020. Målet for denne nasjonale prosessen er å synleggjere og forsterke arbeid for det grøne skiftet som allereie er i gang. Dette vil også kunne gi inspirasjon til utvikling og innovasjon. 

    I samråd med KD blei det bestemt å ta utgangspunkt i Asplan Viak sin rapport som inneheld ei rekkje forslag til indikatorar for det grøne skiftet i sektoren, knytt til driftskategoriar som reise og transport, energi, bygg, biologisk mangfald med meir. 

    Diku har samarbeidd tett med UHR i løysinga av oppdraget. UHR nedsette ei arbeidsgruppe som representerte sektoren. Denne arbeidsgruppa var med på å finne fram til indikatorar som institusjonane kunne levere data på innanfor dei korte tidsfristane. Det gjaldt stort sett data som kunne hentast ut frå institusjonane sine økonomiske system. Arbeidet med Vurderingskort for det grøne skiftet blei presentert på UHR-konferansen 2019. 

    I desember 2019 blei det gjennomført ei innsamling av data for 2018 frå institusjonane. 29 institusjonar svarte på skjemaet, og utvalde data frå undersøkinga vart presentert av statsråd Nybø på Kontaktkonferansen 14. januar 2020.

    Vurderingskort – resultat

    Rapportar frå Asplan Viak

    På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet utarbeidde Asplan Viak i 2019 to rapportar om universitets- og høgskulesektorens påverknad på klima og miljø.  

    Den første rapporten, Klima- og miljøfaktorer for universitets- og høgskolesektoren (faktorrapporten), tar for seg kva faktorar som er viktige å sjå på når ein skal vurdere arbeidet universiteta og høgskulane gjer for å nå målet om å vere klimanøytrale innan 2030. Med utgangspunkt i eksisterande klimarekneskap til fire norske universitet, vurderer Asplan Viak kva faktorar som påverkar UH-sektorens klimagassutslepp og det biologiske mangfaldet på campus. 

    Dei identifiserte faktorane utgjorde grunnlaget for den andre rapporten frå Asplan Viak. Denne rapporten, Grønne indikatorer for universitets- og høgskolesektoren (indikatorrapporten), presenterer eit kvantitativt indikatorsett som er eigna til å synleggjere og overvake norske lærestader sin påverknad på klima og miljø på ein transparent, robust og forståeleg måte; og for å gi konsistente målingar over tid.

    Høyring

    Diku har fått i oppgåve frå Kunnskapsdepartementet å sende rapporten «Grønne indikatorer for universitets- og høgskolesektoren» på høyring. Høyringsdokumenta ligg her.